Kva er konservering?

Salt blir vaska ut av vikingsverd, ein madonna får festa laus måling, og det blir tatt mikroskopi-prøver av eit krusifiks. I utstillingsmonter blir klima overvaka, skitne mumiar reinsa, og skadedyr fjerna frå Amundsens pelsar.

Konservator Susan Braovac inspiserer en av Oseberg sledene

Konservator Susan Braovac inspiserar ei av Osebergsledane. Foto: KHM/ UiO

Ein konservators oppgåve er å bevare gjenstandane for framtida ved å forsinke nedbryting og hindre nye skader. Ved undersøkingar som røntgen, kjemiske analyser og 3D-skanning blir gjenstandane utforska. Kunnskap set oss i stand til å ta dei rette vala når vi behandlar, og gjev informasjon om korleis gjenstandar blei laga, kva dei har vore brukt til og tida dei kjem ifrå.

Seksjonen driv også forsking på preventiv konservering, konservering av tre med alun og mellomalderens måleteknikk, og har også undervising på konserveringsstudiet.

Prosjekt

Korleis utdanne seg til konservator

Konserveringsstudiet ved UiO