Etnografisk konservering

Sjømenn, oppdagingsreisande, misjonærar, diplomatar og antropologar har i over 100 år reist til alle verdas hjørne og henta heim kultur-skattar. Dei må bli tatt vare på, og her kjem konservatoren inn.

Bildet kan inneholde: forsker, jobb, kjemisk ingeniør, forskning, forsker.

Konservatorane Nalini Sharma og Mette Irene Dahl. Foto: KHM/ UiO

I museets etnografiske samling har vi masker frå Borneo, gudinner frå India, sjamandrakter frå Arktis og tekanner frå Japan.

Det som kjenneteiknar etnografiske gjenstandar, er at dei kjem frå alle verdas hjørne, dei har ikkje vore grave ned slik arkeologiske gjenstandar har vore, og dei fleste er laga av materiale som har vore levande. Levande materiale, eller organisk som vi kallar det, kjem frå planter, dyr eller menneske. Eksempel på ikkje-organisk materiale er metall, stein og keramikk. Sidan organisk materiale kjem frå naturen, ynskjer det å gå tilbake til si opphavelege form, det vil derfor brytast ned og bli til jord. Konservatorens jobb er å bremse denne nedbrytinga, å jobbe mot naturen.

I tillegg har mange av gjenstandane i etnografisk samling ei spesiell tyding i dei kulturane dei kjem ifrå. Eit eksempel er forfedrane sine hovudskallar frå Papua Ny Guinea som er satt inn med leire, måla og pynta med skjell. Slike gjenstandar må behandlast med særskilt respekt, og fordi dei består av så mange ulike materialar, er desse ekstra utfordrande å ta vare på.

Av Nalini Sharma, Mette Irene Dahl
Publisert 9. nov. 2012 09:54 - Sist endra 6. apr. 2020 08:01