Arkeologisk konservering

Skjult i ein klump av rust kan det liggje ein skatt, synleg fyrst etter at røntgenbiletet er tatt. Deretter byrjar eit krevjande arbeid med å reinse den fram.

Bildet kan inneholde: mat, matlaging, dish.

Vegard Vike reinsar korrosjon på eit sverd frå vikingtida. Foto: © KHM, UiO.

Kva blir konservert

Fleirtalet av gjenstandane som blir konservert ved museet er arkeologiske funn. Det vil seie at dei er funne under eit dekkje av jord, lagt ned som gravgåver i førkristen tid, eller dumpa som søppel i mellomalderens byar. Ferske funn blir levert til behandling hjå konserveringsavdelinga utover i sommarhalvåret, etterkvart som dei arkeologiske utgravingane skrid fram. Frå gravene er det stort sett metallfunn som blir behandla, spesielt jerngjenstandar. Mykje av dette er våpen, reiskapar og smykke frå vikingtid. Blant funna frå mellomalderens byar er det mykje organisk materiale, slik som sko av lær og diverse gjenstandar av tre.

Spesielle funn

I de seinare åra har det vore fokus på ein mindre vanleg type funn, såkalla fonnefunn. Fjellheimens store snøfonner har fungert som frysarar og bevart klede, jaktreiskapar og transportutstyr som har blitt mista opp gjennom fleire tusen år, heilt til dei smelta fram i dag ved eit varmare klima. Dette er gjenstandar som elles ville rotna bort i løpet av kort tid.

Rekonstruksjon

I 2016 laga konservatorane Vegard Vike og Anders Helseth Nilsson ein kopi av breiøksa frå Langeid. Sjå meir om arbeidet med kopien her.

Rekonstruert kopi av øksen fra Langeid

Les meir

Saving Oseberg

Av Vegard Vike
Publisert 8. nov. 2012 17:13 - Sist endra 15. mai 2024 13:27