Utlån av gjenstandar

Kulturhistorisk museum låner ut gjenstandar og utstillingar til norske og internasjonale museum, og liknande institusjonar. Utlån er viktig for å dele samlinga vår med eit størst mogeleg publikum, og for å setje gjenstandane våre i nye og spennande kontekstar.

Ei viktig føresetnad for utlån er at det ikkje vil vera til skade for gjenstandane, at Kulturhistorisk museum ikkje sjølv skal bruke dei til forskings- eller formidlingsføremål, og at Kulturhistorisk museum har ressursar til å gjennomføre utlånet.

Våre retningslinjer og skjema

Søknadsfristar

Søknader om lån av gjenstandar blir behandla fire gonger i året Det må vera minimum åtte månader frå nærmaste søknadsfrist til planlagd utstillingsopning.

  • Haust: 1. september og 1. november
  • Vår: 1. februar og 1. april

Viktig beskjed om flytting i 2019-2025

Kulturhistorisk museums arkeologiske magasin vil vera under flytting i 2019-2025. Dette har konsekvensar for tilgjenge til magasin og kapasitet til å gjennomføre utlån, og kan også medføre lengre saksbehandlingstid.

Kontakt for tilgang til materiale

Antikk- og Egyptsamlingane

Arkeologisk materiale

Etnografisk samling

Museum for universitets- og vitskapshistorie (MUV)

Myntsamlinga

Oversikt over utlån av gjenstander og samarbeid

Kulturhistorisk museum låner ut gjenstandar til norske og internasjonale museum, og liknande institusjonar. Utlån er viktig for å dele samlinga vår med eit størst mogeleg publikum, og for å setje gjenstandane våre i nye og spennande kontekstar.

Spørsmål om lån av gjenstandar?

Utlån av utstillingar

Kulturhistorisk museum deler vår rike og mangfoldige samling.