Asia er den største verdsdelen, og strekkjer seg frå Tyrkia til Japan, og frå Sibir til Indonesia.
![Bildet kan inneholde: ansikt, hode, ansiktsmaske, munn, maske.](https://www.khm.uio.no/tema/verden/asia/bilder/asia-660.jpg)
- Kristendommen, jødedommen, islam, hinduismen og buddhismen har alle sitt opphav i denne verdsdelen.
- Europearar har kalla Asia for Orienten. Orienten betyr "der sola står opp", altså i aust.
- Museet deler den asiatiske samlinga i fem: Sentral-Asia, Aust-Asia, Søraust-Asia, Sør-Asia, og Midt-Austen.
Glimt frå førtidas Persia
Glimt frå det gamle Persarriket.
Masker på liv og død
Rituale og drama frå Sri Lanka. Maskene i denne utstillinga høyrer til to tradisjonar av srilankisk maskedans, Kolam Natima og Sanni Yakuma. Begge har røter i singalesisk folkeleg buddhisme.
Don´t Measure Me
Don't measure me viser samfunnsengasjert kunst frå Sri Lanka. I tittelverket motset kunstnaren seg dei premissa politikk og samfunn set for menneskelivet.
Generalguvernør Peter Anker
Peter Anker (1744-1832) var generalguvernør for den dansk-norske kolonien Trankebar i India. Han var ein habil amatørmålar, og festa inntrykka frå India på papir og lerret.
Bhutan – Lyn i hjartet
I Bhutan knyter ein Buddha til lynet og sinnets plutselege oppvakning. Bhutan er eit lite land i austlege enden av Himalaya. Landet er på storleik med Sveits. Frå låglandet ved grensa mot India stig det opp til 7554 moh. ved grensa til Tibet – over ei strekning på berre 200 km.
Tibet var min heim
Eg var berre sju år da vi flykta over Himalaya til Nepal, fortel ei jente. Denne fargerike utstillinga ynskjer å formidle tibetanaranes kvardagar og festdagar borte frå sitt eige heimland.
Ei flytande verd – Den gong og no
Japanske tresnitt frå midten av 1600-talet til i dag. Ukiyo-e tradisjonen blei utvikla under ein føydal periode då Japan var isolert frå omverda.
Masker og menneske i Okinawa, Japan
Ei utstilling av ni ritualmasker frå Ryukyu-øyane i Okinawa fylke.
Som i ein spegl
Kina under keisar Jing Di.
Koreansk kulturarv til Kulturhistorisk museum
Utstilling av gåver frå Koreas nasjonalmuseum.
Kirgistan
Filtlandet midt i verda og folket under himmelfjella.
Rusmiddel fra det gylne triangel
Estetikk, avhengigheit og fattigdom.
Malaysia - Batikktradisjoner i bevegelse
Batikk i historisk og regional samanheng.