Asia

Asia er den største verdsdelen, og strekkjer seg frå Tyrkia til Japan, og frå Sibir til Indonesia. 

Bildet kan inneholde: ansikt, hode, ansiktsmaske, munn, maske.
  • Kristendommen, jødedommen, islam, hinduismen og buddhismen har alle sitt opphav i denne verdsdelen.
  • Europearar har kalla Asia for Orienten. Orienten betyr "der sola står opp", altså i aust.
  • Museet deler den asiatiske samlinga i fem: Sentral-Asia, Aust-Asia, Søraust-Asia, Sør-Asia, og Midt-Austen.

Glimt frå førtidas Persia

Glimt frå det gamle Persarriket.

Masker på liv og død

Rituale og drama frå Sri Lanka. Maskene i denne utstillinga høyrer til to tradisjonar av srilankisk maskedans, Kolam Natima og Sanni Yakuma. Begge har røter i singalesisk folkeleg buddhisme.

Don´t Measure Me

Don't measure me viser samfunnsengasjert kunst frå Sri Lanka. I tittelverket motset kunstnaren seg dei premissa politikk og samfunn set for menneskelivet.

Generalguvernør Peter Anker

Peter Anker (1744-1832) var generalguvernør for den dansk-norske kolonien Trankebar i India. Han var ein habil amatørmålar, og festa inntrykka frå India på papir og lerret.

Bhutan – Lyn i hjartet

I Bhutan knyter ein Buddha til lynet og sinnets plutselege oppvakning. Bhutan er eit lite land i austlege enden av Himalaya. Landet er på storleik med Sveits. Frå låglandet ved grensa mot India stig det opp til 7554 moh. ved grensa til Tibet – over ei strekning på berre 200 km.

Tibet var min heim

Eg var berre sju år da vi flykta over Himalaya til Nepal, fortel ei jente. Denne fargerike utstillinga ynskjer å formidle tibetanaranes kvardagar og festdagar borte frå sitt eige heimland.

Ei flytande verd – Den gong og no

Japanske tresnitt frå midten av 1600-talet til i dag. Ukiyo-e tradisjonen blei utvikla under ein føydal periode då Japan var isolert frå omverda.

Masker og menneske i Okinawa, Japan

Ei utstilling av ni ritualmasker frå Ryukyu-øyane i Okinawa fylke.

Som i ein spegl

Kina under keisar Jing Di.

Koreansk kulturarv til Kulturhistorisk museum

Utstilling av gåver frå Koreas nasjonalmuseum.

Kirgistan

Filtlandet midt i verda og folket under himmelfjella.

Rusmiddel fra det gylne triangel

Estetikk, avhengigheit og fattigdom.

Malaysia - Batikktradisjoner i bevegelse

Batikk i historisk og regional samanheng.