Uvdalskvinna på Historisk museum

I mellomalderen blei ei ung kvinne gravlagd under kyrkjegolvet i Uvdal stavkyrkje. 750 år seinare blei ho funnen under kyrkja av arkeologar, og ho har sidan vore kjent som Uvdalskvinna.

Bildet kan inneholde: Fiktiv karakter.

Uvdalskvinna. Foto: Ellen C. Holte / Kulturhistorisk museum, UiO.

Kven var Uvdalskvinna?

Vi trur at ho var 17 år då ho døydde. Sjølv om ho døydde ung, blei ho rekna som vaksen i si samtid. Hennar identitet er ukjent, men vi veit at ho blei gravlagd saman med tre andre personar under kyrkjegolvet: éi yngre kvinne og to jentebarn. Det er ikkje mogeleg å spore nokon av dei til slekter i vår tidsalder. 

Kvifor blei ho gravlagd under kyrkjegolvet?

Gravlegging under golvet inne i kyrkja var vanleg i mellomalderen og fram til nyare tid, inntil ordninga blei forbode i 1805. At Uvdalskvinna blei gravlagd på denne måten viser at ho var kristen og truleg høyrde til bygdearistokratiet i Uvdal. 

Kvifor er Uvdalskvinna ein del av Forvandlingutstillinga?

Kjernen i denne utstillinga er å vise menneska i mellomalderen sitt forhold til religion. I denne samanheng er gravlegging inne i kyrkjerommet eit uttrykk for viktige rituelle handlingar.

Uvdalskvinna representerer eit levd liv som soknebarn i ei bygdekyrkje i eit norsk dalføre, og i utstillinga er ho plassert i kontekst med gjenstandar som er funne gjennom arkeologiske utgravingar under kyrkjegolva i norske kyrkjer: I Forvandling kan du blant anna sjå ei rekkje myntar, pilegrimsmerke, sølv- og koparspenner, nåler, rosenkransar, runepinnar, perler, knappar og hemper. 

Er det etisk rett å vise fram Uvdalskvinna?

I tidlegare utstillingar over same tema har det vore vanleg å tone ned menneskas rolle. I denne utstillinga har vi ynskt å leggje større vekt på mennesket og individet i møte med kyrkja som Guds hus.

I forkant av utstillinga har museet gjort ei grundig etisk vurdering, og spørsmålet om å vise fram Uvdalskvinna har blitt behandla av nasjonalt utval for vurdering av forsking på menneskelige leivningar. Utvalet tek stilling til etiske sider ved forsking på menneskelege leivningar som anten blir oppbevart ved offentlege museum og samlingar, eller som vil kome fram ved framtidige arkeologiske og andre undersøkingar.

I utstillinga er Uvdalkvinna plassert inst i lokalet med ansiktet vendt bort frå utstillingsrommet med diskré ljossetting for å skåne personen.

Kva kan Uvdalskvinna fortelje?

Å vise fram Uvdalskvinna er eit viktig fagleg grep i formidlinga av problemstillingane som blir drøfta i denne utstillinga: Menneska i mellomalderen sitt forhold til religion.

Eit underliggjande tema i utstillinga blir skapt gjennom spenningsfeltet mellom individet i mellomalderen og førestillinga om skjærselden, frelsa og evig liv, i møtet mellom jordisk kvardag og det guddommelege. Der kyrkjerommets fysiske rammer skaper religiøse førestillingar gjennom utsmykking og ritual.

I utstillinga står kontrasten mellom fysisk verkelegheit og religiøse idear sentralt. Det originale kyrkjerommet med dekorasjonar, autentiske gjenstandar frå kyrkjefunn og mennesket representert ved kvinnegrava, utgjer viktige element i det religiøse universet vi forsøkjer å formidle. 

Sjå Uvdalskvinna

Du kan sjå Uvdalskvinna i Forvandlingutstillinga

Publisert 8. mars 2019 10:58 - Sist endra 9. feb. 2021 14:39