Fingerringar

Kulturhistorisk museum har ei stor samling ringar frå mellomalderen av gull og forgylt sølv. Ringane var ofte dekorert med emalje og smykkesteinar, og hadde stor symbolverdi.

Fingerringar funne i Gamlebyen i Oslo.  Foto: Kulturhistorisk museum, UiO/ Eirik Irgens Johnsen.

Fingerringar var populære smykke både for kvinner og menn gjennom heile mellomalderen. Ringane kunne berast på alle fingrar. I mellomalderen blei det populært med ringar som var innsett med steinar, med relieffdekor og med emaljedekorerte plater.

Stor symbolverdi

Som i dag, hadde ringen i mellomalderen stor symbolverdi. Sjølve forma, ein heil ring, er særleg eigna til å symbolisere ubrytelege pakter. Biskopen bar ein eigen ring som symboliserte at han var vigd til kyrkja. På same måte kunne nonner bere ein ring som teikn på at ho var vigd som Kristi brud. Men ringen kunne også symbolisere verdslege avtaler og inngåtte pakter. Fingerringen var også i mellomalderen eit symbol på truloving og ekteskap. Mange trudde at edle metall og smykkesteinar hadde ei magisk kraft. Når desse blei bore saman med spesielle motiv og innskrifter, gav dette fingerringane ein særlig verdi.

Museets samling av fingerringar

Kulturhistorisk museum har ei rik samling av fingerringar frå mellomalderen. Skal vi døme ut i frå dei ringane som er bevart, var gull og forgylt sølv særskild populære materiale, og desse kunne vera dekorert med emalje eller smykkesteinar som safir, granat eller bergkrystall.

Publisert 18. nov. 2016 10:08 - Sist endra 5. mai 2020 10:20