Bakgrunnen for at det blei laga ein ny Hedalsmadonna

Det var problem med oppbevaringsforholda i kyrkja. Skulpturen hadde gjennomgått fleire behandlingar med kort mellomrom hjå Riksantikvaren. Situasjonen var uakseptabel.

Bildet kan inneholde: skulptur, stående, tinning, metall, statue.

Original og ny rekonstruert madonna side om side. Foto: Eirik Irgens Johnsen © KHM, UiO.

Originalskulpturen blei deponert i Historisk museum si middelalderutstilling i 15 år, og museets målerikonservering tok på seg å lage ein rekonstruksjon til kyrkja. Vilkåra var at rekonstruksjonen skulle vera vitskapelig fundert og betraktast som eit forskingsprosjekt. Resultatet skulle vera så likt som mogeleg med originalen, ut i frå den kunnskapen vi sat inne med.

Emneord: Mellomalder, rekonstruksjon, kunstteknologi Av Kaja Kollandsrud
Publisert 9. nov. 2012 21:51 - Sist endra 3. feb. 2021 09:14