Kyrkjas tekstilar

Tekstilane som blei brukt i samband med liturgiske handlingar i kyrkja, var ofte laga av kostbare materiale som silke og gulltrådar.

Messehakel (C2736) frå Larvik kyrkje, Vestfold. Foto: Kulturhistorisk museum, UiO/ Eirik Irgens Johnsen

Alle dei tekstilane som på ulike måtar inngår i kyrkjas liturgi kallast med ei felles nemning for parament. Dette gjeld både dei plagga som kyrkjas tenerar ifører seg ved liturgiske handlingar, men også alle dei tekstilane som pryder kyrkjas liturgiske interiør.

Rolle og status

Ei rekkje ulike plagg inngår i dei draktene som utgjer alterklede, korklede og messeklede. Plagga følgjer reglar for samansetjing, form og farge som kan signalisere kva kyrkjelege rolle og status den som ber plagga har. Dei same elementa gjer det også mogeleg å signalisere kva liturgisk handling som skal utførast.

Messehaklar

Ein messehakel eller Casula, er eit overplagg av ein bestemt type som biskop og prest brukar under høgmessa. Messehakelen skal markere nattverden, vise heilagdagens festkarakter og dagens plassering i kyrkjeåret.

Sjå fleire bilete av tekstilar

Dette plagget har lange tradisjonar. Messehakelen er forma som ei kappe til å trekkje over hovudet, og er ermelaus og open i begge sidene. Mange av mellomalderens messehaklar var smykka med broderte helgenbilete. Forma og måten dei er dekorert på har endra seg over tid. Mot slutten av mellomalderen byrja ein å lage messehaklar med rektangulær form og med avrunda endeparti, medan desse tidlegare ofte var klokkeforma.

I mellomaldersalen i Historisk museum kan du sjå tre messehaklar frå seinmellomalderen. Dei er alle vakkert brodert med motiv av helgenar og apostlar, eller Jesus og Maria. Det er brukt kostbare materiale som silke, korallar, gulltråd og perler.

Publisert 18. nov. 2016 10:09 - Sist endra 5. mai 2020 10:24