Separering av ulla

Analyser av ulla som blei brukt i kjortelen frå Lendbreen viser at ulla var grundig separert før den blei spunne. Dei aller fleste av dei lange og grove dekkhåra var fjerna slik at nesten berre mjuk botnull var att. 

I rekonstruksjonen av kjortelen skilde Ingvild Svorkmo Espelien ved Selbu spinneri dei lange dekkhåra frå botnulla i ulla frå gamal norsk sau (villsau). Dette gjorde ho fyrst og fremst for hand, ved å trekkje frå kvarandre dekkhår og botnull. Det blei brukt hekle (sjå bilete) der det var hensiktsmessig, men det var meir effektivt å skilje ulla for hand i dei tilfella der ullfellen hang dårleg saman. Ei hekle er ein brei ull/lin-kam som kan setjast fast på eit stabilt underlag.

Etter at Ingvild hadde dratt ut dei lange dekkhåra sat det framleis att ei mengde grovare hår, såkalla marghår, saman med botnulla. Desse måtte plukkast ut for å få eit mjukt garn. Dess lenger ein jobbar med ulla på denne måten, dess mjukare og finare blir det ferdige resultatet. Ingvild brukte 90 timar på å separere nok ull til å lage to kjortlar. Det enklaste er å trekkje marghåra ut frå fellens underside, altså den sida som vender inn mot sauens hud.

Her er handsepareringa ferdig:

Publisert 18. des. 2014 10:01 - Sist endra 24. apr. 2020 12:42