Eit heilt spesielt funn

Det som ved fyrste augnekast såg ut til å vera eit samantulla stykke stoff viste seg å vera ein svært godt bevart kjortel frå romartida. Berre ein handfull tilsvarande plagg er bevart i Europa.

Kjortelen frå Lendbreen in situ. Foto: Kulturhistorisk museum/ Vivian Wangen, UiO

Funnstaden ligg ca. 1900 moh på ei snøfonn kalla Lendbreen. Kjortelen låg i eit søkk på ca. 70x70 meter i ytterkanten av fonna. På grunn av is-smelting og transport av vatn har gjenstandar frå fleire bruksfasar samla seg i denne gropa. Sko, jaktutstyr, teltpluggar, behaldarar og hestemøkk er, saman med eit variert utval av tekstilrestar, blant funna. Funnstaden har sannsynligvis vore dekt av snø inntil kort tid før arkeologane kom til staden. Truleg har dette området vore isfritt minst ein gong tidlegare. Gjenstandane blei nemleg funne liggjande direkte på bakken, utan eit islag under seg.

Kløyving har heilt opp i moderne tid funne stad her i samband med jakt på rein i dette området, og fleire vegfar har gått frå Bøverdalen til Skjåk over Lomseggen i historisk tid. Funn av hestesko og fleire drag til hest i nærområdet viser også at det har vore ein transport anten over fjellet eller til funnstaden. Staden der kjortelen blei funne ligg truleg ikkje heilt langs ein av desse kjende ferdselsårene. Mange av funna frå gropa ber preg av å vera kassert og utbrukt. Store mengder hestemøkk kan tyde på at hestane har stått tjora ei stund på staden.

Då kjortelen blei funne låg den samantulla i ein klump som var ca. 58x29 cm. Den bar preg av å ha hatt selskap av hestemøkk, og såg ut til å vera tilfeldig samankrulla snarare enn intensjonelt bretta saman. Då vi bretta kjortelen ut kunne vi sjå at sol og ver hadde bleikt stoffet der dei hadde sleppe til i tida etter at den var smelta fram frå isen.

Det er svært sjeldan at heile bevarte klesplagg frå førhistorisk tid blir bevart i arkeologiske kontekstar. Stoffkonstruksjonen gjorde likevel at vi allereie før vi bretta den ut hadde ein mistanke om at funnet kunne vera frå jernalderen. Ei radiologisk datering viser at kjortelen er laga ein gong mellom år 230 og 390 AD. Kjortelen var ikkje gjenstand for konservering før prøva blei tatt ut, og det er ingen grunn til å tvile på denne dateringa. Kjortelen har mange likskapstrekk med andre sjeldne kjortelfunn elles i Europa.

Snitt og konstruksjon

Kjortelen er halvlang og er laga i eit enkelt snitt med bole i eitt stykke og ermar sydd inn i bua ermopningar. Snittet skrånar svakt utover i øvre del av bolen[i]. Effekten er oppnådd ved at stoffet er skore noko inn på kvar side i ermopninganes overkant og at stoffet deretter er falda inn.

Lendbrekjortelens forsideLendbrekjortelens framside. Foto: Kulturhistorisk museum/ Marianne Vedeler

Kjortelens bole er sydd av eit enkelt stykke stoff som er bretta på langs og sauma saman med ein langsgåande kastestingsaum i venstre side. Den høgre av endekantane har ein jarekant forsterka med brikkevevsband. På vranga er kantane bretta til kvar si side og kasta over langs midtpartiet med kastestingsaumar i enkelt z-spunne ljost ullgarn i liknande kvalitet som i veven. Denne sidesaumen ligg nå ca. 3-4 cm i framkant mot kjortelens framside. Stoffet er dratt og forskyve, og dette kan ha forsterka dette inntrykket. Det er derfor vanskeleg å avgjere sikkert om dette er ein reell detalj i snittet eller fyrst og fremst skuldast forskyvingar. Dei to skuldersaumane er plassert ca. 2,5 cm i framkant av skulderkanten. Halsopninga er ikkje formskoren og plasseringa av dei framskote skuldersaumane gjev dermed ein liten oppståande nakkekant. Kjortelen er relativt smal og halvlang. Lengde, bredde og konstruksjon av ermane er svært samanliknbar med kjortelen frå Thorsbjerg i Tyskland. Dersom vi samanliknar med dagens storleikar på klede ville den kunne passe til ein slank mann med høgde omkring 170 cm eller noko høgare.

Kjortelens halsopning er ein såkalla båthals, ei rett og flat halsopning med enkle foldar framme og bak. Halsopninga er ca. 23 cm brei mellom skuldersaumane. Toppen av halsopningas nakkekant stikk ca. 4 cm over skuldersaumane. Stoffet er her bretta inn til ein enkel faldekant som er sydd med ein grov, ujamn forstingsaum. I framkanten av halsen er det ei halvmåneforma flengje på ca. 3x1 cm. Flengja sit omkring 8 cm frå halsopningas høgre endekant.

Bolens ermeopningar er skore slik at dei dannar ein boge. Dei er relativt smale og tronge, og målar ca. 23 cm frå armhole opp til skulderparti. Opningane er fyrst falda med ein ca. 1 cm brei dobbel fald sydd med kastesting [ii]. Ermane er sidan sauma til bolen med eit anna garn, også her er det brukt kastestingsaum[iii].

Bolens nedre kant gjev inntrykk av at plagget har vore hardt brukt og er reparert minst to gonger. Langs baksida av bolens nederkant er sårkanten jamn og er sauma med ein jamn knappholsaum (sjå skjema for detaljar om saumane). Fargen på garnet varierer mellom brunt og mørk brunt, truleg på grunn av ulik soleksponering. Saumen har gått i oppløysing eit par stader men nederkanten er i desse områda bare moderat fragmentert. På framsida er sårkanten derimot ujamn og hakkete. Enkelte delar har sterke spor av slitasje. Kanten på framsida er sauma med ein grov kastestingsaum i eit noko tjukkare garn enn det som er brukt på baksida. Dette ser ut til å vera det same garnet som er brukt til å saume på ein stor lapp på bolens bakparti.

Bolestoffet er i fleire områder slite, spesielt ved og under ermopningane, i området rundt hoftene og bak på endepartiet, og framme på halsopninga og langs nederkanten.

Kjortelen har påsydde ermar i eit anna stoff enn bolen. Ved funntidspunktet var begge ermane slite av og halvlange, og målte ca. 18 cm frå skuldra. Det er ikkje mogeleg å seie om ermane opphaveleg har vore trekvart lange eller i heil lengde ned til handleddet. Dei bevarte delane av ermane er smale og tubeforma, laga av eitt stoffstykke med ein langsgåande kastestingsaum[iv] som går ca. 5 cm på baksida av skulderkanten og skrånar svakt framover ned langs baksida. Venstre erme har i nederkant ein nærmast rektangulær avriving.

Lendbrekjortelens baksideLendbrekjortelens bakside.  Foto: Kulturhistorisk museum/ Marianne Vedeler

Ein rektangulær lapp i same stoff som bolen dekkjer det største holet på baken[v]. Dette holet er lappa frå vranga med ein lapp i same stoff som bolen og sauma fast med fleire saumar. Inst ved sårkanten er bolen bretta inn og sauma til lappen med ein jamn kastestingsaum. Ein annan tilsvarande saum ca. 5 cm utanfor denne sørger for å halde lappen skikkelig på plass. Som ei ekstra forsterking i området rundt baken er det sauma på endå ein større lapp på baksida av den fyrste. Denne visast ikkje på kjortelens rettside, men dekkjer eit område på ca. 24x41 cm. Lappen går heilt ut i venstre side og er sauma fast til bolen med ein uregelmessig forstingsaum som går på kryss og tvers for å halde stoffet på plass (sjå foto). I ytterkanten er sårkantane bretta inn og halde på plass av ein grov kastestingsaum.

Bolen er sauma av eit ullstoff som er vove i 2/2 diamantkypert. Det same stoffet er brukt i den frå rettsida synlege lappen på kjortelens bakparti. Stoffet har ein spraglete utsjånad som skuldast at det i veften er lagt to ljose og to mørke innslag vekselvis over heile stoffet. Medan dei mørke vefttrådane gjennomgåande er z-spunne, skiftar dei ljose frå z- til s-spunne over eit parti overfor endekanten. Varpet held same farge som den ljose veften heile vegen. Vekslinga mellom ljose og mørke vefttrådar gjer at diamantmønsteret i veven bare så vidt kan skimtast i stoffet når det er tørt. Midt på bolen går ein synlig vevefeil heile vegen rundt. Her er det lagt inn fire innslag av lys vefttråd i staden for dei vanlege to.

Stoff

Mønsterrapporten i diamantkyperten er uregelmessig skiftande mellom 9 og 15 trådar i varpet og mellom 16 og 18 trådar i veften over eit undersøkt område på ca. 40 cm i bolens nederkant.

Detalj som viser diamantkypert på bolen. Foto: Marianne Vedeler/ Teikning: Lise Bender Jørgensen.

Begge ermane er sydd av eit anna stoff enn bolen, også dette vove i 2/2 diamantkypert. Det same stoffet er også brukt i den store lappen som sit skjult på innsida av kjortelens bakparti. Dette stoffet er noko tynnare enn hovudstoffet og fargen er i dag gjennomgåande mørk brun, men med ein noko ljosare sjattering i veften.

I høgre erme er spinneretninga gjennomgåande z/s. Venstre erme har eit parti overfor ermesaumen der spinneretninga stadig vekslar mellom z og s-spinning i det eine trådsystemet, antakeleg veften. Det var noko vanskeleg å identifisere varp og veft i ermestoffet. Mønsterrapporten i diamantkyperten er uregelmessig vekslande også i dette stoffet, med retningsskift mellom 7,12,13 og 15 trådar i den antekne varpretninga, medan retningsskiftet opptrer etter 10, 12 og 13 trådar i den antekne veften.

Brikkevevsbandet på innsida av bolens sidesaum er framstilt ved hjelp av fire brikker med lyst z-spunne ullgarn og mørkebrunt ullgarn, også dette z-spunne.

Ullkvalitet

Dr. Antoinette Rast-Eicher har undersøkt ullkvaliteten som er brukt i kjortelen ved hjelp av SEM[vi] og lys-mikroskopi.

Undersøkinga viser at fibranes bevaringsgrad er veldig god. Fibrane er framleis runde og skjella godt synlege. Dette er ikkje overraskande, tatt i betraktning dei særskilt gode bevaringsforholda som isen gjev.

Det er synlege tuppar på fibrane som viser at stoffet er vove av lammeull. Fibranes diameterar er også til dels svært fine (kvalitet A), men med enkelte grove fibrar innimellom. Dette viser at ulla har blitt nøye sortert før spinning. Enkelte tykke og lange fibrar innimellom har truleg ført til ein enklare spinneprosess, samtidig som majoriteten av tynne og fine fibrar har gjeve eit mjukt produkt av høg kvalitet. Den største forskjellen i ullkvalitet finn vi mellom varp og veft i hovudstoffet. Varpet er laget av fin kvit lammeull med enkeltståande tjukke fibrar i brunt og svart. I den ljose veften finst ingen tjukkare fibrar, medan den mørke veften har ein noko grovare kvalitet. Det kan dermed ikkje vera tvil om at materialet som er brukt i denne kjortelen gjennomgåande er nøye utvalde og sorterte produkt av fin lammeull.

Godt brukt

Kjortelen kan opphaveleg ha vore ermelaus.

Den kan ha vore godt brukt og reparert ein gong før ermane blei sett på. Den fyrste reparasjonen skjedde ved hjelp av ein lapp skorne av same stoff. På eit seinare tidspunkt er bolen forsterka med ytterlegare ein lapp. Denne er skoren av same stoff som er brukt i ermane. Saumane i lappen er også av same trådkvalitet som er brukt til påsying av ermane. Dette talar for at ermane er satt på samstundes med at kjortelen blei reparert og forsterka for andre gong.

I fronten litt nedanfor brystpartiet på høgre side er det ein tjukk flekk av tjæreliknande substans. Det er mogeleg at denne kan skrive seg frå tida då kjortelen var i bruk, og det ville vore interessant å undersøkje om innhaldet i flekken er det same som har vore brukt til skjefting av pilspissar som også er funne i området.

Det ser altså ut til at plagget har hatt ein fleirledda brukshistorie som både fortel om hard bruk, reparasjonar og endringar av snittet undervegs.

 

[i] Breidda er ca. 46,5 cm ved skulderkanten, ca. 55,5 cm midt på bolen og ca. 61,5 cm i nederkant.

[ii] Sauma med trippel tråd i z-spunne, S-tvunne ullgarn.

[iii] Sauma med trippel s-spunne ullgarn i mørk brunt.

[iv] Det knyter seg noko usikkerheit til om dette faktisk er kastesting. Denne delen av kjortelen er vanskeleg tilgjengeleg utan å vrenge plagget. Dette er ikkje gjort anna enn i nedre del av bolen.

[v] Denne lappen dekkjer eit område som ligg ca. 21 cm frå nederkanten på kjortelens bakside og ca. 57 cm frå øvre kant.

Av Marianne Vedeler
Publisert 28. aug. 2014 11:41 - Sist endra 7. des. 2020 09:30