Noregs eldste klesplagg smelta fram i 2011. Både originalen og ein rekonstruksjon blei stilt ut i utstillinga Ta det personlig i Historisk museum fram til juni 2016.
Godt bevart kjortel frå romartida
I august 2011 blei det gjort ei arkeologisk sikringsundersøking på fjellpartiet Lomseggen i Innlandet fylke i Noreg. Under dette opphaldet skulle det kome for dagen eit heilt spesielt funn. Det som ved fyrste augnekast såg ut til å vera eit samantulla stykke stoff viste seg å vera ein svært godt bevart kjortel frå romartida, og dermed Noregs eldste klesplagg.
Berre ein handfull tilsvarande plagg er bevart i Europa. Dette funnet er derfor svært viktig for å forstå drakt og tekstilproduksjonen, og korleis desse reflekterer samhandlinga mellom Nord-Europa og den romerske verda.
I 2014 laga vi to rekonstruksjonar av kjortelen frå Lendbreen i samarbeid med Norsk Fjellmuseum. Gjennom denne prosessen håpa vi å kome enda nærare inn på kjortelen og korleis den blei laga. Undervegs la vi ut bilete, filmsnuttar og informasjon slik at du kan følgje rekonstruksjonsarbeidet.