Jernalderen i Noreg var frå 500 f.Kr. til omtrent år 1050.
- Vikingtida (ca. 750 - 1050) blir også kalla yngre jernalder.
- I jernalderen var samfunnet i stadig endring; busetjingane vaks og ein hadde aukande kontakt med utlandet, inkludert Romerriket.
- Det fyrste skriftspråket i Norden, runealfabetet, blei tatt i bruk.
- Fyrste del av denne perioden blir sør i Europa kalla for antikken.
Isens arkeologi – Funn frå fonner i fjellet
Klimaendringar gjer at snøfonnene i høgfjellet minkar. Utstillinga viser fleire av gjenstandane som har smelta fram frå isen dei siste åra.
Horsepower – Oldtidshesten i myter, kult og krig
Opplev hestens kulturhistorie frå dei tidlegaste tidene og fram til norsk mellomalder, og oppdag kvifor hestar + menneske = sant. Møt gudanes, herskeranes og ikkje minst vikinganes hestar i denne stemningsfulle utstillinga.