Døden er noko alle menneske til alle tider har til felles.
- Gravfunn er dei viktigaste kjeldene vi har til førhistoria.
- I Historisk museum kan du sjå mumiar frå Det gamle Egypt.
Dødskult i antikken
Døden er ein del av livet ein ikkje kan kome unna og den har alltid vore skremmande. I denne utstillinga viser vi gravkunst og gravgods frå antikken.
Mumien lever
Evig liv i det gamle Egypt. Det gamle Egypt, eller Faraonisk tid som denne tidsperioden i Egypt også kallast, var ein kultur som døydde ut for nesten 2000 år sidan.
Far vel - livets slutt i det fleirkulturelle Noreg
Livet er ofte omtala som ei reise, akkurat som døden. Utstillinga Far vel gjev oss ein gløtt inn i det mangfaldet av ritual som er forbunde med døden.
Horsepower – Oldtidshesten i myter, kult og krig
Opplev hestens kulturhistorie frå dei tidlegaste tidene og fram til norsk mellomalder, og oppdag kvifor hestar + menneske = sant. Møt gudanes, herskeranes og ikkje minst vikinganes hestar i denne stemningsfulle utstillinga.
Levd liv – utstilling av skjeletta frå skipa Gokstad og Oseberg
Gravskipa frå Gokstad og Oseberg blei brukt som farkostar til dødsriket for desse spesielle passasjerane for meir enn 1100 år sidan.