Kva er sosialantropologi?

Sosialantropologi er studiet av mennesket som del av grupper og samfunn.

Bildet kan inneholde: drama, tilpasning, sari.
  • Gjennom samanlikning av ulike samfunns- og organisasjonsformer kan faget gje innsikt i kva som er fellesmenneskeleg og kva som varierer.
  • Fagets metodar der langvarige feltarbeid, deltakande observasjon og samanlikning står sentralt, er veleigna til både å gjere det fjerne forståeleg og til å sjå det nære i nye perspektiv.
  • Etnografisk avdeling ved Kulturhistorisk museum utgjer eitt av to sosialantropologiske fagmiljø ved Universitetet i Oslo.
  • Forskinga ved Etnografisk avdeling legg stor vekt på etnografiens tyding for teoriutvikling. I kombinasjon med nærleik til samlinga er det eit godt utgangspunkt for å formidle faglege innsikter gjennom utstillingar. Med utgangspunkt i regional ekspertise frå ulike delar av verda har forskarane ved Etnografisk avdeling eit særskilt fokus på forståing og framstillingar av ikkje-vestlege samfunn, og på tydinga av ulike former for materialisering og kulturell estetikk i samfunnsprosessar.

Amerika – samtid, fortid, identitet

Gjennom muséets Amerika-samlingar fortel vi levande historier om urfolk og minoritetar i heile denne enorme regionen – historier om sosialt liv og identitet.

Masker på liv og død - rituale og drama frå Sri Lanka

Maskene i denne utstillinga høyrer til to tradisjonar av srilankisk maskedans, Kolam Natima og Sanni Yakuma. Begge har røter i singalesisk folkeleg buddhisme.

Bhutan – Lyn i hjartet

I Bhutan knyter ein Buddha til lynet og sinnets plutselege oppvakning. Bhutan er eit lite land i austlege enden av Himalaya. Landet er på storleik med Sveits. Frå låglandet ved grensa mot India stig det opp til 7554 moh. ved grensa til Tibet – over ei strekning på berre 200 km.

Made in Africa

Marknadene i Vest-Afrika gjer nokre av draumane om konsum og det gode liv mogelege. Vest-afrikanske marknadsplassar gjev lokale svar på globalt influerte draumar.

Adornment – Outside and In

Smykke skaper og held ved like relasjonar og grenser mellom menneske. Estetisk kraft kan omdefinere relasjonar og flytte grenser. Førestillingar om det skjønne er likevel ikkje verdinøytrale.

Arktiske ekspertar

Når Amundsen møter inuittane i Gjøahavn, tar han med seg børsa og to menn. Dei er svært usikre på kva slags mottaking dei vil få. Men inuittane ler, gestikulerer og er venlegheita sjølv. Dette blir byrjinga på eit venskap.

Kongospor

I byrjinga av førre hundreår hadde Norden tette band til Kongo. I mange tiår symboliserte Kongo heile Afrika for folk i Norden. Våre samfunn og vår historie blir fortsatt veven saman. Det er spor overalt. Både her og der.

Eit relativt fredeleg tropeliv

I juni 1907 kom Kristiania-guten Finn Kjelstrup til hamnebyen Boma i Kongo. Dette var starten på tre års teneste under koloniherren kong Leopold II. Femti år etterpå skildra Kjelstrup opphaldet som ”eit relativt rolig og fredeleg tropeliv”.

Pilegrimsspor

Å vandre til ein heilag stad var éin måte å kome nærare Gud på i mellomalderen. Også i dag er pilegrimsreisa ein levande tradisjon, ikkje minst i Islam, viser denne utstillinga om pilegrimar før og no.

Stjernestiar over Stillehavet

Forteljingar om opphav i Oseania.

Verdien av X

Filipe Tohi blei fødd i det polynesiske kongedømmet Tonga i 1958. 20 år gamal emigrerte han til New Zealand. 25 år seinare (2003) blei han tildelt New Zealands pris for nyskapande kunst i Stillehavet (Art Pasifika Innovation and Excellence Award).

We paint the Stories of our Culture

Australsk aboriginkunst frå draumetida til kunstgalleria. Kunst produsert av australske urfolk, aboriginarar, blir stadig meir anerkjent i kunstverda.

Gay Kids

Kule barn som også finst.

Yanomami

Yanomami-folket blir rekna som den største urfolksgruppa i Sør-Amerika som fortsatt lever hovudsakeleg på tradisjonelt vis. Utstillinga fortel om magien i yanomami-folkets livsverd.

Santeria

Afrikanske gudar i Havana sine gater. Den afroamerikanske religionen Santeria har 20 gudar som er assosiert med eit område av naturen, men også med menneskelege kvalitetar. Santeria er en levande og populær religion i dagens Cuba.

Alt mellom himmel og jord i Mexico

Feiringa av Dei døde sin dag i Mexico 1. og 2. november er ei blanding av gamle indianske tradisjonar og skikkane for den katolske heilagdagen Alle sjelers dag. Mykje humor og varme pregar dagane når dei døde inviterast heim.

Årets gang for netsilik

Roald Amundsen møtte Netsilik-folket fyrste gong i 1903 då han overvintra med skipet sitt Gjøa på den staden som i dag heiter Gjoa Haven. Av netsilik lærte Amundsen mykje om å overleve i det harde arktiske klimaet, og han bytte til seg store mengder gjenstandar, over 900 finst i museet vårt i dag.

Masker og menneske i Okinawa, Japan

Ei utstilling av ni ritualmasker frå Ryukyu-øyane i Okinawa fylke.

Kirgistan

Filtlandet midt i verda og folket under himmelfjella.

Rusmiddel frå det gylne triangel

Estetikk, avhengigheit og fattigdom.

Malaysia - Batikktradisjonar i bevegelse

Batikk i historisk og regional samanheng.

Far vel - Livets slutt i det fleirkulturelle Noreg

Livet er ofte omtalt som ei reise, akkurat som døden. Både på norsk og andre språk seier vi at vi går bort, reiser til det neste liv, til dei evige jaktmarker, går til våre forfedrar, over til den andre sida og vandrar hen.

Absolutt viking

Utstillinga dokumenterer ein subkultur der notidas menneske lever ut sine draumar og skaper ein eigen vikingidentitet som for mange blir ein viktig del av deira personlegdom.

Tibet var min heim

Eg var berre sju år da vi flykta over Himalaya til Nepal, fortel ei jente. Denne fargerike utstillinga ynskjer å formidle tibetanaranes kvardagar og festdagar borte frå sitt eige heimland.

SENKU-seminar

Seksjon for etnografi, numismatikk, klassisk arkeologi og universitetshistorie (SENKU) arrangerar kvar månad seminar innanfor sine fagområde.

Sjå også