Kva er runologi?

Runologi er studium av runeteikn og runeinnskrifter. Runer var dei germanske og dermed også dei skandinaviske folkas eige alfabet. Tekstar med runer blei skrive i Skandinavia frå ca. 150 e.Kr. og fram til seinmellomalderen.

Bildet kan inneholde: tre, tre, ledd, hånd.
  • Runer har vore i bruk som skriftteikn i Noreg i nesten 2000 år. Innskrifter med runer er dei tidlegaste eksempla på bruk av germansk språk i Skandinavia.
  • Runearkivet har ansvar for undersøking, dokumentasjon og publisering av alle norske runeinnskrifter. Noreg har to tredjedelar av dei eldste runesteinane (derimot relativt få frå vikingtida) og halvparten av alle runeinnskrifter frå mellomalderen (1100-1500).

Kyss meg - runenes verden

Runer har vore i bruk som skriftteikn i Noreg i nesten 2000 år. Arkeologane kan fortelje oss mykje om korleis folk i Noreg levde. Men språket deira og måten dei uttrykte seg på, er det berre runeinnskriftene som kan opplyse oss om.

Studiar

Universitetet i Oslo tilbyr eit emne i runologi. Emnet kan inngå i studieprogramma for arkeologi eller historie.