Treskjering

Treskurden på Osebergskipet og på dei unike gjenstandane i Osebergfunnet og våre unike stavkyrkjer– framfor alt dei rikt dekorerte portalane – er eitt av dei viktigaste uttrykka for norsk treskjerarkunst.  Museets eigen biletskjerar har som oppgåve å føre denne levande norske treskjerartradisjonen vidare.

Bildet kan inneholde: utskjæring, trearbeid.

Bjarte Aarseth fortel:

- Mitt motto er tilbakeblikk i tid for å forstå og å ta vare på notida. Ein rekonstruksjon er som ein fysisk modell, ein kopi som vil lære folk å sjå og å kunne berøre fortidas handtverk. 

- Eg beherskar faget og stilen og finn inspirasjon i vikingetidas og mellomalderens praktfulle treskjerarkunst.

- Korleis arbeider ein biletskjerar?

- Frå 1920 har Kulturhistorisk museum hatt ein fast biletskjerar som har sin oppgåve å lage sikringskopiar av bevarte gjenstandar som dyrehodestolper og køyrety frå Osebergfunnet. Eg er den 4`de i rekka sidan då.

Kulturhistorisk Museum har sett sitt ansvar å føre denne levande norske treskjerartradisjonen vidare, og frå  2000 - 2004/2009 - 2012 har biletskjeraren på Vikingskipshuset også hatt opplæringsansvaret for lærlingar.

- Når ein arbeider med dokumentasjon og rekonstruksjon, kjem ein opp i eit dilemma: Wie es eigentlich gewesen (korleis er denne konstruksjonen eigentleg)?

Skal ein lage kopi av gjenstanden som den er i dag eller skal ein lage ein kopi av gjenstanden som den var før den vart konservert?

Ein hypotetisk rekonstruksjon ser slik ut:

  • fyrste rekonstruksjon
  • mykje betre rekonstruksjon
  • den ideelle rekonstruksjon 

Ein treng materialer, emne. Ein må produsere delar og setje saman delane.

Korleis gjorde dei det dei som skar denne portalen?

Det ein treng for å bygge ei stavkyrke, ein slede, er ei teikning.

Stikkord for ein biletskjerar er metode, tid, nøyaktigheit.

Av Bjarte Aarseth, Mette Irene Dahl
Publisert 8. nov. 2012 17:25 - Sist endra 5. mai 2020 11:34