Støttemaking

Mange av museets gjenstandar treng ekstra støtte for ikkje å falle frå kvarandre. I tillegg er det behov for spesialtilpassa støtter når gjenstandane skal stillast ut. Her kjem museets eigen støttemakar inn.

Ragnar Løchen i arbeid med støtter under ein av sledane frå Oseberg. Foto © KHM, UiO.

Korleis arbeider ein støttemakar? Kva tenkjer han? Her er støttemakar Ragnar Løchen:

Kulturhistorisk Museum er satt til å forvalte før-reformatorisk materiale, det vil seie at gjenstandane i samlinga er minst 500 år gamle. Gjenstandane er av tre, bein, metall, tekstil eller bein, i varierande grad av nedbryting. Noko er ekstremt skjørt, då trengs det støtter dersom det skal stillast ut. Støttene blir laga i metall, tre eller plast, alt etter behov. Gjenstandens svakheiter må forsterkast, utan inngrep i gjenstanden, og støtter må tilpassast. Eg gjer det helst i rustfritt stål. Sveisar, dreier, fresar, gjengar, filer og hamrar. Eg brukar teknikkar som kan bli utført på ein mekanisk verkstad dersom dei har teikningar, men det finst ikkje. Støtter må produserast i nærkontakt med objektet og objektet krev pietet og kjennskap til materialet.

Korleis tenkjer eg når eg skal lage støtter? Dei må vera solide, demonterbare, kunne justerast, visuelt akseptable, og bestandige!

 

Av Ragnar Løchen, Mette Irene Dahl
Publisert 9. nov. 2012 21:42 - Sist endret 6. apr. 2020 10:38