Naturvitskap for kulturarven

Konserveringens kjemikar arbeider på tvers av alle museets fagfelt for å auke kunnskapen om gjenstandar. Men kva gjer eigentleg ein kjemikar på eit museum?

Bildet kan inneholde: kjemiker, apotektekniker, forskning, vitenskap, kjemi.

Her fortel Hartmut Kutzke om kva arbeid han gjer:

For at vi skal kunne ta vare på museets gjenstandar, er det viktig å vite kva slags materialar det er i desse gjenstandane. Min jobb er å analysere desse materiala, og eg brukar både avanserte og enkle instrument for å gjera dette. Det er også viktig at eg undersøkjer kva endringar som finn stad i gjenstandane. For eksempel er gamle gjenstandar av tre, slik som sledane frå Osebergfunnet, i dag er skjøre som glas. Vikingsmykke i koparlegeringar korroderer, det vil seie at metallet reagerer med fuktigheit og oksygen, og i verste fall går heile smykket i oppløysning. Fargane på ein kyrkjeskulptur kan bleikne eller mørkne, og fargelaga lausne etterkvart som tida går. For å unngå dette eller reversere denne utviklinga, er det viktig å forske på kva som skjer kjemisk sett når materiala er i endring.

Ein annen viktig årsak til at vi forskar på slike materialar, er at det gjev oss kunnskap om gamle teknikkar - kva slags teknologi og metodar brukte folk i vikingtida når dei skapte vakre smykke eller farga kleda sine? Svært presise kjemiske analyser kan også fortelje oss om kvar gjenstandane blei laga og gje oss informasjon om handelsvegane - dersom ein  glasbolle viser seg å ha blitt produsert i Italia, vet vi at vara har reist gjennom Europa til Norge.

Men vi lærer ikkje bare om gamle teknikkar gjennom kjemiske analyser. Vi studerer også skriftlege kjelder som går helt tilbake til det gamle Egypt og til Romartida. I laboratoriet kan vi prøve ut gamle oppskrifter, noko som gjev oss endå meir informasjon om gamle metodar og teknikkar. Denne kunnskapen gjer det lettare for ein konservator å restaurere ein gjenstand og i tillegg gjer den det enklare for oss å fastslå om gjenstanden er ekte eller kanskje ei forfalsking.

Men vi studerer ikkje berre gamle materialar og teknikkar, vi utviklar også heilt nye materialar og stoff for å konservere gjenstandar på ein betre måte. I dag kan vi utvikle nye konserveringsmetodar ved å bruke nano-partiklar og utvikle polymerar som etterliknar naturlege stoff som for eksempel "kunstig tre".

Av Hartmut Kutzke, Mette Irene Dahl
Publisert 16. nov. 2012 13:23 - Sist endret 24. apr. 2020 12:39