Kopi
Øksekopien enda opp med ei lengde på eggen på 24,4 cm, eit skaft på 117 cm og ei totalvekt på 1,5 kg, inkludert skaftet. Sjølve øksehovudet veg ca. 900 gram. Om ikkje resultatet kan seiast å vera perfekt, så er det i alle fall ein akseptabel kopi.
Original og vektberekning
Lengda på eggen på originalen er 25,3 cm, og sjølve øksehovudet veg 551 gram. Vektforskjellen er eit viktig spørsmål. Originalen er mykje lettare enn kopien, men kopiens dimensjonar er nær originalen. Ser ein på røntgenbilete av originalen oppdagar ein at berre litt metallisk jern er bevart i øksas tjukkaste delar - like framfor skaftholet og i delar av den fortjukkinga av eggen. I dag består øksebladet i hovudsak av ein svart, tett korrosjon som blir kalla for magnetitt (Fe3O4) med eigenvekt 5,18 g/cm³. Magnetitt har lågare eigenvekt enn metallisk jern (Fe, 7,87 g/cm³). Omrekning for å finne øksehovudets opphavelege vekt gjev då omkring 800 gram. Ei meir presis berekning av originalens vekt kan gjerast ved ein volumberekning gjennom å senke ned øksebladet i vatn for å sjå fortrenginga, eller ved ein 3D-skanning, og deretter gange volum med eigenvekt av jern.
Slire
Den skarpslipte økseeggen kan lett skade nokon dersom ein er uforsiktig. Det blei derfor laga ei eksperimentell slire, for å sikre øksekopien når den ikkje var i bruk. Slira er ikkje basert på funn frå grava, men kan delvis samanliknast med økseslirer av tre funne ved handelsbyen Hedeby, som er frå vikingtid.
Litteratur
Bore Jegdić, Suzana Polić-Radovanović, Slavica Ristić, Ana Alil (2012) Corrosion of archaeological artefacts made of forged iron. Association of Metallurgical Engineers of Serbia, Vol 18 (3) 2012, s.233-240.