Øksesmiding

Etter foredlinga av myrmalmsjernet kunne vi endeleg setje i gang med øksesmidinga. 

Bildet kan inneholde: metalsmith, smed, ambolt.

Foto: Kirsten Helgeland, KHM/ UiO.

På dette stadiet hadde vi føya saman dei største stykka av myrmalmsjern til eit økseemne på litt over ein kilo. Vi avgrensa eit område i den eine enden av dette emnet til skaftholet, som skulle meislast opp seinare i prosessen. Deretter strakk vi ut midten av økseemnet for å skilje skafthols- og eggområdet, for lettare å kunne smi ut breidda på eggområdet.

Lite jern

Dessverre var det for lite myrmalsjern tilgjengeleg til øksa etter avslutta foredling. For å sikre nok metall måtte vi derfor tilføre noko slagghaldig jern frå ein gamal gjerdestolpe. Dette blei lagt inn i øksa i to omgangar, begge gonger som ein kile inn i ei oppsplitting av eggområdet. Som del av den andre av desse kilane essesveisa vi fyrst fast eggstålet som den ytste delen av kilen, slik at den stakk ut og kunne bli til ein herdbar egg. Etter dette kunne vi smi det meste av øksebladet tynt og breitt, og avslutta deretter med å smi eggområdet i form.

Dersom vi hadde hatt eit tilstrekkeleg stort økseemne ville det berre vore nødvendig å tilføre eitt stykke metall, nemleg eggstålet. Samanføyingslinja for eggstålet kan observerast på originalen ved røntgenfoto, men det er ikkje helt avklart korleis kontaktflatene er utforma. Det er i hovudsak to variantar som blei brukt. Anten ei oppmeisling langs midten av eggområdet, der eggstålet kunne slåast inn som ein kile før essesveising, eller at eggstålet blei essesveisa fast direkte butt-i-butt eller noko skrått (skjerfet) i eggområdet.

Skafthol

Vi valde å lage skaftholet ved oppmeisling og utviding etter at øksebladet var delvis smidd i form. Alternativet hadde vore å utforme skaftholet tidlegare i prosessen, ved å smi ut ein ende av jernemnet og falde denne rundt til ei lykkje som essesveisast fast slik at det blir danna eit skafthol. Begge desse metodane ser ut til å ha vore i bruk i vikingtid, det er mogeleg at faldemetoden var den vanlegaste. På originaløksa kunne det ikkje sikkert avgjerast kven av metodane som hadde blitt brukt.

Problem

Ein omgang med dårlig essesveising skapte problem for oss seinare i smidinga av øksa, og til slutt måtte vi bite i det sure eplet og bruke moderne sveiseapparat og vinkelslipar for å lukke og sikre eit par store rifter på kanten av øksebladet og i skaftholsområdet. Dette valet var lite tilfredstillande, men det var viktig å kunne fullføre økseframstillinga.

Herding og anløping

For å få ein slitesterk egg måtte den herdast. Karboninnhaldet i eggstålet gjer dette mogeleg. Herdinga gjekk ut på å varme eggområdet raudglødande, til omkring 800°C, for deretter å kjøle det raskt ned i vatn. I dag brukar ein ofte olje som eit meir skånsamt kjølemiddel, men tidlegare var vatn det vanlege. Vi hadde karbonrikt stål, noko som gjev kraftig herding med større fare for spenning og sprekkar. Vi varma derfor opp vatnet for å mildne herdinga noko, anslagsvis til 60-70 grader.

Herding gjer stål sprøtt og skjørt, og ein må derfor mjuke det opp før gjenstanden tåler mekaniske belastingar. Dette oppnår ein ved anløping, som går ut på å varme herda område opp til 200-300°C. Vurdering av anløpingstemperatur blei tradisjonelt gjort ved å sjå på oksidasjonsfargen på blankslipt ståloverflate, ei skifting frå gult (220°C, hardt), via raudleg (260°C) til blått (300°C, mjukt). Anløpingsprosessen er ikkje eksplisitt skildra i tidlege skriftlege kjelder. Ufullstendig herding, såkalla "slack-quenching", kan ha vore brukt for å mildne herdinga og eventuelt utelate anløping. Vi gjorde herdinga delvis som "slack-quenching", ved å veksle mellom å dyppe og heve øksa frå herdekaret under kjølinga, men kombinerte det med ein avsluttande anløping.

Lær å smi ei breiøks

Litt i etterkant av å ha smidd Langeidøksa var vi så heldige å få besøk av smeden James Austin. Han viste oss teknikken sin for å falde og essesveise skafthol på økser. James har gjort mykje systematisering av prosessen med øksesmiding, og har utarbeidd ein eigen instruksjonsvideo for korleis ein skal smi ei breiøks.


Video - From bog iron to broadaxe - rebirth of the Langeid Axe (4:23 min)


Galleri - øksesmiding (59 bilete)

Galleri - øksesmiding

Galleri - herding og anløping (23 bilete)

Galleri - herding av øksa
Av Vegard Vike
Publisert 28. apr. 2016 08:03 - Sist endra 7. aug. 2020 09:29