Sliping med langbryne

Eit langbryne utlånt frå Norsk Maritimt Museum blei brukt til sliping av øksa, men tida blei knapp.

Bildet kan inneholde: vedhakk.

Foto: Kirsten Helgeland, KHM/ UiO.

Råemne

Eit råemne til eit såkalla langbryne/ sverdbryne blei gjort tilgjengeleg for slipinga av øksekopien. Pål Nymoen frå Norsk Maritimt Museum var svært hjelpsam med å leggje til rette for dette. Dette langbrynet er eitt av mange frå ei forlist skipslast ved Mølen i Vestfold, datert til 1000-talet. Nokre av bryneemna blei henta opp spesifikt for framtidig eksperimentell utprøving. Brynet er 77 cm langt og framstilt av kvartsskifer vunne ut ved brynesteinsbrotet i Eidsborg.

Før brynet kunne takast i bruk på øksa måtte overflata jamnast til. Éi langside av brynet blei derfor slipt flat mot ein grov granittstein. I tillegg blei ein av endane av brynet slipt til med litt kurving. Dette ble gjort for at brynet skulle kunne nå ned i konkave former på øksa. Slik utforming, med tilsynelatande intensjonelt avrunda ende, kan ein også sjå på andre langbryne - eksempelvis C58475 og frå grav 20 ved gravfeltet på Langeid C58893/13. Tilslipinga av råbrynets eine side tok eit par timer.

Slipehjul

Mangelen på skandinaviske kjelder til bruk av roterande slipesteinar i vikingtid gjorde at eit langbryne blei vald. Kontinentale avbildingar (frankiske) viser rett nok slipehjul i bruk på denne tida, men vi gjekk for ein reiskap som var sikkert dokumentert og tilgjengeleg i Noreg.

Øksesliping

Langbrynets lengde og grovkornaheit gjorde det til eit relativt effektivt slipeverktøy. Brynets lengde gav eit godt grep, ein kunne leggje mykje press og skyve lange drag.

Ikkje berre eggen, men også alle andre flater av øksa skulle slipast. Ettersom prosjektet blei mangefasettert og tida var knapp, måtte vi dessverre gjera mykje av grovslipinga med maskinelt verktøy. Informasjon om slipetid ved bruk av berre handbrynet og slitasje på brynet etter bruk og så vidare, fekk vi derfor ikkje dokumentert i denne omgangen. Langbrynet gav lett ein skarp og god egg på øksa før testkuttinga.


Filmsnutt - sliping med langbryne (1:07 min)


Galleri - tilsliping av øksa (32 bilete)

Galleri - tilsliping av øksa
Av Vegard Vike
Publisert 28. apr. 2016 08:00 - Sist endra 23. feb. 2021 10:32