Jernlupper var karbonrikt stål

Etter nokre omgangar med stålframstilling for å skaffe fram eggstål til øksa, fann vi til slutt ut at eit par av myrmalmsluppene hadde store område av karbonrikt stål.

Delar frå to stålhaldige lupper, frå utvinning i Thy 2014. Foto: Vegard Vike, KHM/ UiO.

Godt herdbart

Desse stålluppene kan ha blitt framstilt i jernvinneomnar med stor lufttilførsel, samtidig med god spreiing av lufta i trekolet (Evenstad 1790:433-437). Det vil gje kraftig forbrenning og høg temperatur, i kombinasjon med sterkt reduserande omgjevnader. Dette kan føre til at jernet i større grad blir flytande og får høgt karbonopptak, spesielt i overflate og kantar av luppa. Stålet i desse luppene hadde i alle fall svært gode herdeeigenskapar, og vi enda opp med å bruke det til økseeggen.

Litteratur

Evenstad, Ole (1790): Afhandling om Jern-Malm, som findes i Myrer og Moradser i Norge, og Omgangsmaaden med at forvandle den til Jern og Staal. Det Kgl. Danske Landhusholdningsselskab, København.


Filmsnutt - oppdaga stål i luppe

Ei jernluppe blei smidd ut til eit tynt band, klargjort for omdanning frå jern til herdbart stål i ei oppkolingspakke, men ved tilfeldig kjøling i vann (trollherding) viste det seg at metallet allereie var herdbart (1:50 min):


Galleri - to stålhaldige lupper

Av Vegard Vike
Publisert 9. mai 2016 14:58 - Sist endra 7. aug. 2020 09:29