Oppkolingspakke - herdepakning

Den andre metoden for stålframstilling vi prøvde ut var å tilføre karbon til jernet i ei oppkolingspakke, i arkeologien meir kjent som herdepakning.

Oppkolingspakka blir opna etter avslutta oppvarmingsprosess. Foto: Kirsten Helgeland, KHM/ UiO.

Leirinnpakning

Metoden går ut på å smi jernet til relativt tynne band, som blir falda laust saman. Jernbandet blir vikla inn i eit karbonrikt materiale og deretter i ei tett leirinnpakning. Etter at pakka er tørr nok blir den lagt ned i essa der den blir varma opp til 900-1000ºC, og halde på den temperaturen i minst ein time.

Grunnen til at jernet blir smidd ut til tynne band er at karbon i gassform må trengje inn i metalloverflata. Dette går saktare dess djupare det skal inn. Meir enn eit par millimeter inntrenging er vanskeleg å oppnå i praksis.

Etter avslutta karbonisering, essesveisa vi saman det tynne bandet til ei kort og tjukk stong att, ein meir eigna form til bruk som eggstål.

Theophilus

Vi brukte garva geiteskinn og planteolje som karbonhaldig materiale. Skinn frå geit og feitt frå ein gamal gris var remediane i slike herdepakningar skildra i munken Theophilus si lærebok, De diversis artibus (bok III, kap.19), frå ca. 1120. Metoden skildrast i samband med oppkoling og herding av filer (Hawthorne og Smith 1979:94-95):

In the same way you will also make very small files - square, round, half-round, three-cornered, and flat and thin. These are made from soft iron and you should harden them thus. When they have been cut with a hammer and chisel or a small knife, smear them with old pig fat and wrap them around with leather strips cut from goat skin and bind them with linen thread. After this cover them individually with kneaded clay, leaving the tangs bare. When they are dried, put them into the fire, blow vigorously, and the goat skin will be burnt. Hastily extract them from the clay and quench them evenly in water. Then take them out and dry them at the fire.

Utan leirinnpakning

Ein variant av denne karboniseringsmetoden er å gjera oppvarminga av jernet utan leirinnpakning, men då ein stad i essa der all oksygen er forbrent og karbongass frå kolet er rikeleg. For eksempel kan jernet liggje nedst i kolhaugen, under luftinnblåsinga i essa (i ei sideblåst esse). Lee Sauder gjev ei god skildring av korleis dette kan gjerast i sin artikkel Quickie cementation (Sauder 2014).

Litteratur

Hawthorne, J.G. og C.S. Smith (1979) Theophilus: On Divers Arts. University of Chicago Press, 1963; reprinted New York: Dover Publications 1979.

Sauder, Lee (2014) Quickie cementation (09.05.2016).


Filmsnutt - stålframstilling i oppkolingspakke (4:40 min)


Galleri - oppkolingspakke (51 bilete)

Galleri - stålframstilling i oppkolingspakke - herdepakning
Av Vegard Vike
Publisert 9. mai 2016 14:59 - Sist endra 7. aug. 2020 09:29