Foto, video og formidling

Opphavet til økseprosjektet var ein tanke om å presentere originaløksa for publikum i "ei samtale med forskaren", eit formidlingskonsept der folk kunne komme tett på. Dette ekspanderte til noko meir.

Bildet kan inneholde: begivenhet, design, rom.

Publikumsdag på Vikingskipshuset. Langeidsøksa og kopien blir presentert. Foto: Kirsten Helgeland, KHM/ UiO.

Ambisjonsnivå og tidsbruk

Utgangspunktet for prosjektet var ein førespurnad om å presentere originaløksa for publikum i eit av museets utstillingslokale, i eit formidlingskonsept der folk kunne kome tett på og gå i samtale med forskaren. Ein tanke som dukka opp var å lage ein kopi av øksa for å presentere den i sin opphavelege tilstand saman med originalen. Dette spann vi vidare på, og det blei bestemt å framstille ein kopi av autentisk materiale med vikingtidas teknologi.

Det heile blei til eit omfattande og ambisiøst prosjekt. Smiearbeidet blei utført utandørs, og i praksis opent for publikum, men for å avgrense forstyrringane under arbeidet blei ikkje prosjektet annonsert i større grad i forkant. Fokus blei lagt på grundig dokumentasjon undervegs og formidling i etterkant, heller enn ei aktiv formidling undervegs i arbeids-prosessen. Hadde ein vald å gjennomføre ei open formidling samtidig med å få gjennomført sjølve handverket og dokumentasjon av dette ville det kravd ein endå lengre prosjektperiode med fleire involverte personar.

I samtale med publikum

Den annonserte publikumspresentasjonen blei gjennomført sundag 10. april 2016 i utstillinga ved Vikingskipsmuseet på Bygdøy. Både originaløks og kopiøks var tilgjengeleg på nært hald for publikum. Desse ble handtert og presentert av Vegard Vike som hadde konservert originaløksa, og Anders Helseth Nilsson.

Foto og video

Ei viktig målsetjing i prosjektet var formidlinga i etterkant av prosessen. Arbeidet med øksekopien blei derfor omfattande dokumentert ved både foto og video, som blei utført av Mårten Teigen og Kirsten Helgeland. På mange nivå var det mykje læring og nye erfaringar i ein slik langvarig, prosessorientert filmdokumentasjon, og bruk av dette i etterkant.

Foto: Kirsten Helgeland, KHM/UiO.

Vidare formidling

Vidare formidling av økseprosjektet blir eigentleg ei eksperimentering med kva potensiale som kan liggje i å bruke denne typen verkemiddel ved museet, særlig med tanke på Nytt vikingtidsmuseum på Bygdøy. Desse nettsidene er meint å gje ein utfyllande presentasjon. Ulike framstøt i sosiale medium er ein mogelegheit, og gjenbruk av dokumentasjonen i andre samanhengar. Vi vil forsøkje å delta også i den museale debatten, blant anna på konferansen "Mangfoldige museumspraksiser - museet som overflødighetshorn".

Prosjektet er eit resultat av samarbeid mellom Seksjon for samlingsforvaltning og Utstillings- og publikumsseksjonen. Prosjekt- og formidlingsleiing ved Ellen Marie Næss.


Video - Frå myrmalm til breiøks (24:04 min)


Galleri - dokumentasjon og formidling (15 bilete)

Galleri - video og formidling
Av Vegard Vike
Publisert 28. apr. 2016 07:56 - Sist endra 12. aug. 2021 01:18