English version of this page

Prosjektet – Langeidøksa blir gjenskapt

Her kan du lese detaljane om økseprosjektets ulike stadiar og prosessar.

Vi foredlet myrmalmsjernet ved å smi og folde det, et svært tidkrevende arbeid. Her kan du lese detaljane om foredlinga av myrmalmsjernet til smibart jern, og metodar vi brukte for å framstille herdbart stål til økseeggen.

Langeidøksa har eit skaft av kirsebærtre og beslag av messing. Vi enda opp med eit skaft på 117 cm, litt i overkant av dei få bevarte eksemplara vi har å basere oss på.

Etter at øksekopien var skjefta og eggen slipt skarp blei den testa på eit griselår. Eit slik hogg utfordrar eggens toleevne når den treff det kraftige lårbeinet.

Målsetjinga var å lage ein mest mogeleg presis kopi og rekonstruksjon. Dette måtte balanserast mot dei mange prosessane som skulle gjennomførast, med faktorar som smieferdigheit, ressurs- og tidsavgrensing.

Mykje gjekk bra, men ikkje alt gjekk heilt som det skulle under kopieringsprosessen. Vi prøvde å unngå bruk av moderne verktøy, men både sveiseapparat og vinkelslipar kom dessverre til å skjemme øksehovudets reine myrmalmssjel.