Slagg og glødeskal

Store mengder slagg smelta ut av luppene og la seg på botnen av essa. Det meste av slagget kom ut i løpet av dei fyrste oppvarmingane, og vi måtte tøme og reinse ut av essa fleire gonger per dag. Enkelte gonger blei det så mykje slagg i essa at det rann ut av luftinnblåsingsholet i essesteinen. Dei største stykka av slagg som smelta ut av myrmalmsjernet under smieforedlinga blei tekne vare på og vege. Av 8,5 kg myrmalsjern smelta det ut meir enn 1,6 kg slagg.

De to siste bileta viser eksempel på glødeskal som losna frå luppene under smieforedlinga.