I populærkulturen lev ideen om at alle vikingar, kvinner og menn, unge og gamle, brukte hjelm med horn. Men sånn var det ikkje. Det er berre funne to forholdsvis komplette hjelmar frå vikingtida og dei har ingen teikn til nokosinne å ha hatt horn. Vikinghjelmen frå Gjermundbu har vern for auge og nase, i underkant av hjelmen er det merke etter feste for metallplater eller ringbrynje som har hange som vern for nakken. Men null horn. Det er ting som tyder på at det har vore brukt hjelm eller liknande hovudplagg med eit slags horn ved seremoniar. Osebergtekstilene er dekorert med figurar som ber hjelmar med horn. Derimot har vikingane ikkje hatt horn på hjelmar brukt i strid, som ville gitt nedsett bevegelse og meir ustabilitet. Gjermundbuhjelmen er utstilt i VÍKINGR.  C27317.

Foto

Ellen C. Holte/UiO

Kjeldefil

hjelm-fra-gjermundbu-c27317-ellen-c-holte554px.png (554 x 573 px)  –  213,8 kB

Bruk av biletet

Opphavsrett på UiOs nettsider