Gullsporen frå Rød er blant dei mest spektakulære av alle gjenstandane frå vikingtida i Noreg, og er den einaste av slaget sitt i Skandinavia. Sporen er dekt av intrikate mønster i filegran gullperletråd og pålodda gullkorn og førestiller dyr og mønster i vikingtidas Borrestil. Arbeidet er utruleg detaljert. Truleg vart det laga av ein skandinavisk gullsmed siste halvdel av 900-talet. Sporen vart funnen i 1872 på Rød gard i Rygge under pløyearbeid, saman med eit tilhøyrande gullbeslag. 45 år seinare kom det andre beslaget for dagen i den same åkeren. Det vart ikkje funne spor etter ei grav, og den andre sporen er aldri funnen. Sjå gjenstandane i utstillinga VÍKINGR. C5905, C5906, C22406.

Foto

Kirsten Helgeland og Ellen C. Holte/UiO

Kjeldefil

gullsporen-fra-rod-c5905-kirsten-helgeland-559px.png (559 x 573 px)  –  186,7 kB

Bruk av biletet

Opphavsrett på UiOs nettsider