Drikkeglas var ikkje kvardagsleg i jernalderen, så dei som var så heldige å eiga slike dyrverdige ting, tok godt vare på dei. Det fanst ingen glasproduksjon i Skandinavia, så glasa kom langvegesfrå; frå Svartehavsområdet, Kontinentet og etter kvart òg frå England. Skulle det verste likevel skje – at nokon mista eit glas i golvet og det gjekk i stykke, vart det omhyggeleg reparert. Dette glasbegeret er reparert med dekorerte og gullforgylte sølvbeslag. Slike reparasjonar var vanskelege og kravde ekspertise. Eit spesialisert handverkssenter for glasreparasjonar fanst antakeleg på Sørvestlandet. Glaset kan ha vore så gammalt som 100 år då det vart reparert ein gong i første halvdel av 500-talet e.Kr. Reparert glasbeger frå Snartemo i Vest-Agder. C26001.

Foto

Kirsten Helgeland/UiO

Kjeldefil

glass-med-reparasjoner-c26001-kirsten-helgeland-559px.png (593 x 593 px)  –  202,6 kB

Bruk av biletet

Opphavsrett på UiOs nettsider