Belteplata frå Vestre Evang på Toten i Innlandet er eit av dei finaste bronsealdersmykka vi har i samlinga. Ho vart funnen i ein stor gravhaug omkring 1870. Sannsynlegvis var den gravlagde ei kvinne, som levde ein gong mellom 1500 og 1300 f. Kr. Belteplata er ca. 13 cm i diameter, og på baksida er det ei lita hempe. Plata er dekorert med spiralar og solsymbol. Dei fine og presise linjene viser at smykket er laga av ein meistersmed. Belteplater kan samanliknast med bunadssmykka våre i dag og vart båre i beltet på kvinnedrakta. I 1971, nesten 3300 år seinare, vart belteplata frå Evang attskapt som smykkenåler til Totendrakta. C5573.

Foto

Kirsten Helgeland/UiO

Kjeldefil

belteplate-fra-toten-c5573-kirsten-helgeland600px.png (600 x 478 px)  –  361,6 kB

Bruk av biletet

Opphavsrett på UiOs nettsider