bildekarusell

  • 21. juni 2022

    Åkerspennen – et av de mest spektakulære funnene i norsk arkeologi. Den gullforgylte spennen fra Åker er datert til 200 år før vikingtiden. Spennen som har sittet på et sverdbelte er dekorert med granater og et vakkert motiv. Klarer du å se mannsansiktet med en krone på hodet, rovfuglene og villsvinet? Foto: Eirik Irgens Johnsen. C4901

  • 21. juni 2022

    Belteplata frå Vestre Evang på Toten i Innlandet er eit av dei finaste bronsealdersmykka vi har i samlinga. Ho vart funnen i ein stor gravhaug omkring 1870. Sannsynlegvis var den gravlagde ei kvinne, som levde ein gong mellom 1500 og 1300 f. Kr. Belteplata er ca. 13 cm i diameter, og på baksida er det ei lita hempe. Plata er dekorert med spiralar og solsymbol. Dei fine og presise linjene viser at smykket er laga av ein meistersmed. Belteplater kan samanliknast med bunadssmykka våre i dag og vart båre i beltet på kvinnedrakta. I 1971, nesten 3300 år seinare, vart belteplata frå Evang attskapt som smykkenåler til Totendrakta. C5573.

  • 21. juni 2022

    Dei to bronsebukka er ein del av det rikaste funnet frå norsk bronsealder. Dei vart funne saman med andre gjenstandar av bronse i Lunner på Hadeland i 1925, truleg grave ned som eit offer til gudane. Funnet er datert til 700-500 f.Kr. I bronsealderen byrjar menneske for første gang å bruka metall, nemleg bronse. Bronse var nok ikkje i vanleg bruk men vart brukt til spesielle rituelle og religiøse gjenstandar, og for å visa høg status. Frå bronsealderens billetverd kjenner vi mange figurar som er samansette av delar av mange ulike dyr, som hestar, fuglar, slangar – og menneske. Bronsebukkane frå Vestby er slike hybride eller samansette dyr: bukkar med hestehovud. I dag veit vi ikkje heilt kva dette betydde, men vi trur at religionen og verdsbiletet ein hadde i bronsealderen var prega av animisme – at alt i naturen har ein sjel. Frå utstillinga Kontroll – forsøk på å temme verden som opnar snart. C23651.

  • 21. juni 2022

    Drikkeglas var ikkje kvardagsleg i jernalderen, så dei som var så heldige å eiga slike dyrverdige ting, tok godt vare på dei. Det fanst ingen glasproduksjon i Skandinavia, så glasa kom langvegesfrå; frå Svartehavsområdet, Kontinentet og etter kvart òg frå England. Skulle det verste likevel skje – at nokon mista eit glas i golvet og det gjekk i stykke, vart det omhyggeleg reparert. Dette glasbegeret er reparert med dekorerte og gullforgylte sølvbeslag. Slike reparasjonar var vanskelege og kravde ekspertise. Eit spesialisert handverkssenter for glasreparasjonar fanst antakeleg på Sørvestlandet. Glaset kan ha vore så gammalt som 100 år då det vart reparert ein gong i første halvdel av 500-talet e.Kr. Reparert glasbeger frå Snartemo i Vest-Agder. C26001.

  • 21. juni 2022

    Gullsporen frå Rød er blant dei mest spektakulære av alle gjenstandane frå vikingtida i Noreg, og er den einaste av slaget sitt i Skandinavia. Sporen er dekt av intrikate mønster i filegran gullperletråd og pålodda gullkorn og førestiller dyr og mønster i vikingtidas Borrestil. Arbeidet er utruleg detaljert. Truleg vart det laga av ein skandinavisk gullsmed siste halvdel av 900-talet. Sporen vart funnen i 1872 på Rød gard i Rygge under pløyearbeid, saman med eit tilhøyrande gullbeslag. 45 år seinare kom det andre beslaget for dagen i den same åkeren. Det vart ikkje funne spor etter ei grav, og den andre sporen er aldri funnen. Sjå gjenstandane i utstillinga VÍKINGR. C5905, C5906, C22406.

  • 21. juni 2022

    I populærkulturen lev ideen om at alle vikingar, kvinner og menn, unge og gamle, brukte hjelm med horn. Men sånn var det ikkje. Det er berre funne to forholdsvis komplette hjelmar frå vikingtida og dei har ingen teikn til nokosinne å ha hatt horn. Vikinghjelmen frå Gjermundbu har vern for auge og nase, i underkant av hjelmen er det merke etter feste for metallplater eller ringbrynje som har hange som vern for nakken. Men null horn. Det er ting som tyder på at det har vore brukt hjelm eller liknande hovudplagg med eit slags horn ved seremoniar. Osebergtekstilene er dekorert med figurar som ber hjelmar med horn. Derimot har vikingane ikkje hatt horn på hjelmar brukt i strid, som ville gitt nedsett bevegelse og meir ustabilitet. Gjermundbuhjelmen er utstilt i VÍKINGR.  C27317.

  • 21. juni 2022

    Denne Madonnastatuen kjem opphavleg frå Hovland stavkyrkje i Eggedal. Den gamle stavkyrkja vart riven i 1881 og tre skulpturar vart derfor gitt til museet av lokale myndar. Ein av desse er Maria med barnet, også kalla ein «Madonna». Maria hadde ei enorm tyding i utviklinga av mellomalderens folkelege, religiøse liv. Ho har vore eit hovudmotiv i den kyrkjelege malarkunsten, spesielt ikonmalinga, men også malarkunsten meir generelt. Madonnafiguren er datert til 1160-1200, og er laget av or og bjørk. Høyde: 56,7 cm, bredde: 21 cm, dybde: 13,6 cm. C10785.

  • 21. juni 2022

    "Halha · a snalt þenan" står det på dette spinnehjulet av stein. På klassisk norrønt lyder teksten Helga á snáld þenna. Det betyr «Helga eier dette spinnehjulet». Ordet snáldr viser til spinnehjulet. I noen norske dialekter heter det fortsatt «snåld». Innskriften er fra sein vikingtid eller tidlig middelalder. Gjenstanden ble funnet på 1950-tallet av lærer Jon T. Uppstad under røykstove på gården Uppstad, Valle i Agder. Spinnehjul var et vanlig redskap ved spinning av tråd. Vi kjenner til flere runeinnskrifter på spinnehjul fra Skandinavia og andre områder. Slik markerte mennesker nære og kjære redskaper som de brukte i hverdagslivet. N 582. C28808.

  • 21. juni 2022

    Denne måla tabernakeldøren frå Fåberg, Oppland, viser St. Peter med nøklane til himmelen. Hans skinnande utsjånad på den raude bakgrunnen blir forsterka av ein glorie rundt hovudet, og delikate band av planteornamentikk som slynger seg på ein blå bakgrunn. Det eksepsjonelle maleriet av St. Peter er på utsida av døra av ein lukka heilagdom. Gjennom han lærte folk å kjenna dei himmelske gledene. Innsida av døra inneheld spor etter relieff-figurar som uttrykker motiv frå Marias liv, noko som kan indikera at ein Mariaskulptur har vore hovudfiguren i tabernakelet. Det måla dørpanelet er datert til midten av 1300-talet og er ekstraordinært både i stil og kvalitet. Døra har nyleg vore på utlån til utstillinga North & South: European masterpieces reunited ved Museum Catharijneconvent i Utrecht, Nederland (oktober 2019-januar 2020), og deretter i Episcopal Museum of Vic i Barcelona, Spania (februar 2020-september 2020). C3006.

  • 21. juni 2022

    Denne vakre steinøksa av basalt blei funne på slutten av 1700-talet i Fiskumvannet i Øvre Eiker kommune. Ein bonde som sette garn i vatnet fekk opp ein stein som hadde sett seg fast i garnet i staden for god fangst. Øksa vart sendt til Universitetets Oldsaksamling i 1853, og sidan då er ho anerkjent som den vakraste stridsøksa frå midtre del av yngre steinalder, vel 4500 år sidan. Det er freistande å tru at øksa ikkje vart mista ved uhell, men at ho med føremål vart senka på djupt vatn. Fiskumøksa skil seg frå andre øksar ved å vera usedvanleg godt bevart og ved å vera svært forseggjort. Av desse grunnane kan vi anta at Fiskumøksa kan vera eit offerfunn frå bondesteinalderen. Øksa er 18,6 cm lang. C1836.

  • 21. juni 2022

    Sverdet – stoltheiten til krigaren
    I Noreg er det funne nær 3000 sverd frå vikingtida, dei fleste i gravfunn saman med andre våpen. Dei varierer frå enkle heimesmidde sverdblad til praktsverd med intrikate mønster og hjalter utsmykka med edelmetall. Sverd med innskrifta VLFBERHT eller INGELRII stammar truleg frå ein verkstad i dagens Sør-Tyskland. Inskripsjonen kan vera eit slags varemerke. I norrøn mytologi høyrer vi om sverd som var smidd av dvergane og hadde mektige krefter. Sagaene fortel om kraftfulle sverd som gjekk i arv frå ein generasjon til ein annan. Fra venstre: C20317 fra Steinsvik i Nordland, C24217 fra Risvold i Telemark, 800-850-talet; C257 fra Hedmark, 900-talet; C28352 fra Momrak i Telemark, 950-1000-talet, C11014 fra Kilde i Hedmark, 800-talet.