English version of this page

Prisar og leveringsvilkår

Nyfotografering

Profesjonell fotografering av gjenstandar for publisering pr. bilete: 1200,00 NOK. Prisen er eksklusiv 25 prosent meirverdiavgift.
Vi gjev rabatt til studentar, vitskapeleg bruk, museum, lokalhistorisk litteratur og liknande ikkje-kommersiell publisering.

Vi leverer kun digitale fotografi av høg kvalitet.

Skanning

Etter avtale.

Gratis bilete på nett

Høgoppløyste bilete frå museets databasar kan lastast ned og brukast gratis. Les meir her

Leveringstid

Fotoarkivet har normalt ei leveringstid på 4 til 12 veker avhengig av bestillingas storleik og omfang. Ved store bestillingar må ein rekne med noko lengre leveringstid. På grunn av ferieavvikling i juli og august har vi avgrensa kapasitet til å handsame saker i den perioden.

Ver venleg og bruk vårt elektroniske bestillingsskjema ved bestilling av bilete, men les våre leveringsvilkår fyrst.

Bestill foto

Publisert 15. apr. 2008 15:54 - Sist endra 9. feb. 2021 09:47