Foto - leveringsvilkår

Vi har normalt ei leveringstid på 4 til 12 veker avhengig av bestillingas storleik og omfang. Ved store bestillingar må ein rekne med noko lengre leveringstid.

1. Følgjande opplysingar må nemnast klart leseleg ved attgjeving av våre foto:

a) Opphavsretten til fotografiet/a høyrer til Kulturhistorisk museum. Ved publisering referer slik: "© Kulturhistorisk museum, Universitetet i Oslo" og også fotografens namn.

b) Dersom ein brukar eit utsnitt av fotografiet må dette opplysast.

c) Gjenstandens art. Dersom gjenstanden berre er attgjeve som detalj må ein opplyse om det. 
d) Funnstad eller geografisk region.

2. Vi tillet ikkje at fotografia blir overdratt, seld eller på annan måte overlate til andre utan løyve frå Kulturhistorisk museum.

3. Det er lånetakars ansvar å vise aktsemd ved bruk av fotografi, slik at det ikkje skjer til skade for eller krenkjer avbilda personar, jf. Åndsverkslova § 45c.

4. Eitt eksemplar av det ferdige produktet kan sendast til:

Kulturhistorisk museum, Universitetet i Oslo
Utstillings- og publikumsseksjonen - Kommunikasjon
Postboks 6762 St. Olavs plass
N-0130 Oslo, NOREG

Publisert 15. apr. 2008 14:20 - Sist endra 24. apr. 2020 10:35