Etter mange års leiting kom Anne Stine og Helge Ingstad over nokre restar av hustufter ved L’Anse aux Meadows på nordspissen av Newfoundland i Canada. Tuftene likna på dei tuftene som er att etter den norrøne folkesetnaden på Grønland og Island. Det fekk paret til å setje i gang med arkeologiske utgravingar.
Fann ringnål frå vikingtid
Mellom 1961 og 1968 leia Anne Stine Ingstad ei internasjonal gruppe forskarar som undersøkte tufter av fleire hus.
Blant dei mindre gjenstandane som blei funne var ei lang ringnål av bronse, ei type nål som vikingane brukte for å halde på plass kappa. 14C-prøver av kol, bein og torv daterte funna til rundt år 1000. Dermed var sagaenes forteljingar om at vikingane drog til Amerika stadfesta.
Gåve til Canada
Anne Stine Ingstad døydde i 1997 og Helge Ingstad i 1999. Som ei minnemarkering blei denne skulpturen satt opp utanfor Vikingskipshuset i 2001. Gravert inn i sokkelen er ekteparets navn "Anne Stine og Helge Ingstad", med underteksten "De oppdaget vikingenes Amerika".
Statuen av Anne Stine og Helge Ingstad blei laga av bilethoggaren Nils Sigurd Aas. Han blir rekna som ein av dei mest allsidige bilethoggarane i norsk kunsthistorie. Ein tilsvarande statue står i L’Anse aux Meadows. Det var ei gåve til det canadiske folket frå kong Harald V og dronning Sonja.