Inkaenes kulturarv på veg heim!

Våren 2018 blei fleire gjenstandar av stein og bronse beslaglagt av politiet i Oslo. Dei blei forsøkt seld utan dokumentasjon på at dei var lovleg importert til Noreg.

Bildet kan inneholde: sjøstjerne, echinoderm.

Beslaglagte kulturminne frå Peru blir stilt ut i Historisk museum fram til 1. desember 2018. (Foto: Kulturhistorisk museum/ Håkon Roland)

Eit samarbeid mellom Perus ambassade i Oslo, Kulturministeriet i Lima og Kulturhistorisk museum har fastslått at gjenstandane stammar frå førhistorisk tid og Inkariket i Peru. Dei blir no stilt i Historisk museum før dei skal ut på den lange reisa heim til Peru.

Peru er eit land med ein svært rik kulturarv. Spor etter det mektige Inkariket finst over alt. Inkagjenstandar har til alle tider vore ettertrakta samlarobjekt, og er spreitt rundt i heile verda. Dei seinare tiåra har Perus myndigheiter satsa stadig meir på å stanse ulovleg handel med slike kulturgjenstandar. Dei utstilte objekta som snart skal returnerast inngår i arbeidet med å ta vare på Perus kulturarv.

Ei rekkje partar samarbeider for å hindre ulovleg handel med kulturgjenstandar. Kultur-historisk museum samarbeider med politi, tollvesen og ulike departement på dette feltet. Internasjonale retningslinjer byggjer på UNESCOs konvensjonar, og EU, INTERPOL og nasjonal lovgjeving i ulike land understøttar arbeidet.

Kulturgjenstandar som blir tatt ut av sine opphavsområde utan nødvendig løyve er ulovlege kulturminne. Dei er ofte eit resultat av humanitære katastrofar som følgje av krig og kriser i sårbare delar av verda. Men mange gjenstandar blir også smugla ut for sal på den internasjonale kunstmarknaden.

Publisert 7. nov. 2018 08:49 - Sist endra 23. sep. 2020 08:31