English version of this page

Spørsmål om eigendomsrett til museumsgjenstandar

Kulturhistorisk museum skal forvalte gjenstandar og samlingar på ein ansvarsfull måte. Samlingane er viktige kjelder til kunnskap, og inneheld viktig kulturarvsmateriale for folk i dag og for komande generasjonar. Museet ønskjer spørsmål om tilgang og eigarskap til samlingar og gjenstandar (repatriering) velkomen, og kan også sjølv ta initiativ til dialog og samarbeid der det er aktuelt.

Retningsliner for handsaming av spørsmål om overføring av eigedomsrett til objekt i Kulturhistorisk museums samlingar

Kulturhistorisk museum er eit universitetsmuseum som forvaltar vitskaplege samlingar til bruk for forsking og formidling. Samlingane er viktige kjelder til kunnskap, og inneheld også viktig kulturarvsmateriale, for folk i dag og for komande generasjonar. 

Kulturhistorisk museum skal vere ein ansvarsfull og aktiv forvaltar av gjenstandar og samlingar. Museet skal legge til rette for bruk av samlingane som kjelder for forsking og som utgangspunkt for undervisning, formidling, dialog og samarbeid. 

Museet skal ha god kunnskap om samlingane, og skal arbeide aktivt for å auke kunnskapen om gjenstandars proveniens, bruk og betyding. Museet skal samarbeide om dette med universitet, museum og andre kulturarvsinstitusjonar og kompetansegrupper, i Norge og i andre land. Målet om kunnskapsutvikling er sentralt for museet.

Kulturarv inngår i ulike samtalar og initiativ om samarbeid, deling og restitusjon, i vid forstand. Museet anerkjenner dette, og er opptatt av kulturarvs verdi og betyding for sjølvforståing og samfunnsutvikling, og som utgangspunkt for dialog, samarbeid og partnarskap.

Museet ønskjer interesse for samlingar og einskildobjekt velkomen, og skal vere budd til dialog og samarbeid. Museet skal ope og imøtekomande kome spørsmål om tilgang og eigarskap til samlingar og gjenstandar i møte. Museet skal ta initiativ til dialog og samarbeid der det er aktuelt. 

Utgangspunkt for handsaming av spørsmål om eigedomsrett

Samlingane inneheld materiale frå mange land, samfunn og folkegrupper. Spørsmål om overføring av eigarskap kan ha ulik bakgrunn og motivasjon. Museet skal handsame slike spørsmål ut frå ønskje om kunnskapsutvikling, og ønskje om dialog, samarbeid og partnarskap. Museet skal handsame kvar sak for seg.

Museets utgangspunkt er samlingars og gjenstandars status som vitskapleg kjeldemateriale. Vurdering skal skje ut frå føreliggjande tilhøve og grunngjeving, og med utgangspunkt i så god informasjon og så godt kunnskapsgrunnlag som mogleg. Gjenstandar som er omfatta av Lov om kulturminner skal handsamast i samsvar med denne lova. 

Typar objekt og spørsmålsstillingar

Spørsmål om overføring av eigedomsrett kan til dømes takast opp i høve til gjenstandar og samlingar knytt til ein spesiell funnkontekst, innsamlingssituasjon, opphavsstad eller -samfunn. Spørsmålet vil ikkje minst kunne vere aktuelt for menneskelege leivningar, sakrale objekt og andre objekt knytt til kultur, historie, religion, sjølvforståing mv innanfor ei folkegruppe eller samfunn. Spørsmålet er likeeins aktuelt i høve til kulturarvsmateriale frå urfolk og minoritetar, samlingar og objekt knytt til ein kolonial kontekst eller objekt innsamla i under omstende prega av ulikskap eller maktbruk. Spørsmålet kan også gjelde andre typar objekt, og ut frå andre bakgrunnstilhøve, til dømes objekt som er innsamla, omsett eller innkome til museet på illegalt eller uetisk vis. Det kan likeeins vere aktuelt i høve til materiale som er tapt, ikkje finst eller ikkje er tilgjengeleg på opphavsstaden eller i opphavssamfunnet. Det kan også vere aktuelt ut frå mål om restitusjon i ein vidare forstand. Spørsmålet kan og vere aktuelt som utgangspunkt for samarbeid, forsking, kompetanseoppbygging, undervisning og formidling. Desse døma er ikkje uttømmande. 

Spørsmål om overføring av eigedomsrett kan kome frå statar, museum og andre forskings- og kulturarvsinstitusjonar eller frå andre kompetansegrupper eller legitime representantar for folkegrupper eller samfunn. Spørsmål om eigendomsrett kan også takast opp av Kulturhistorisk museum. 

Særskilte spørsmål til vurdering

I samanhengar der overføring av eigedomsrett er, eller kan vere, på tale, vil det vere aktuelt å vurdere:

Vitskapleg verdi 

Kva er objektets nåtidige og framtidige vitskaplege verdi? Vurderinga skal omfatte moglege fleir-faglege interesser. 

Samarbeidspartnar 

Kven har reist spørsmålet? Kven representerer vedkomande? Kva for tidlegare dialog eller samarbeid har funne stad, og kva for mottakar vil det eventuelt vere aktuelt å overføre eigedomsretten til. Det er av interesse om spørsmålet er ein del av eit anerkjent repatrieringsprogram eller eit samarbeidsprosjekt. 

Bakgrunn og grunngjeving

Det vil kunne vere aktuelt å vurdere kva slags betyding objektet har for den som har reist spørsmål om eigedomsrett, for opphavssamfunnet og for den det vil vere aktuelt å overføre objektet til.  Det skal også vurderast kva for samarbeid som er aktuelt, og kva som truleg vil skje etter eventuell overføring (t.d. gravlegging, innlemming i museumssamling, formidling, forsking eller anna kunnskapsutvikling).

Objektets identitet, innsamlingshistorikk og proveniens

Identitet og proveniens for aktuelle objekt skal undersøkast og klargjerast. Museet skal vurdere om spørsmålet kan vere aktuelt også for andre objekt enn det/dei som i utgangspunktet er løfta fram, og om sakshandsaminga vil kunne tene som rettesnor for andre saker i framtida. 

Lovar, konvensjonar og retningsliner på området

Juridiske vurderingar vil ikkje minst gjelde i høve til materiale innsamla etter 2007, då Norge ratifiserte Unescos konvensjon av 1970 om tiltak for å forhindre ulovleg handel med kulturgjenstandar. Intensjonane i konvensjonen kan takast med i vurderinga av andre tilfelle. FNs erklæring om urfolks rettar frå 2007 legg til grunn at urfolk har rett til å ha kontroll med eigen kulturarv, tradisjonell kunnskap og eigne kulturuttrykk.

Erklæringa legg grunnlag for statars forpliktingar i høve til kulturarvsmateriale frå urfolk, og dannar utgangspunkt for museets vurdering av saker som gjeld kulturarvsmateriale frå urfolk. Museets handsaming av spørsmål om overføring av eigedomsrett vil like eins kunne ta utgangspunkt i den internasjonale museumsorganisasjonens, ICOMs, etiske regelverk og i presiseringar av norske museums ansvar på dette området 

Andre relevante saker

Er det andre saker å samanlikne med? I dei tilfella det er aktuelt, skal museet ha dialog med andre einingar ved Universitetet eller med andre relevante institusjonar, rådgjevande organ og partar.

Andre omsyn

Under sakshandsaminga skal museet søke å ta alle relevante tilhøve med i vurderinga. Grunnar for at overføring av eigedomsrett ikkje er aktuelt, t.d. ut frå museets mål eller ansvar, lover og regelverk, eller ut frå andre omsyn, skal vurderast.

Økonomi og praktiske spørsmål

Kven skal dekke omkostningane ved eventuell overføring av eigedomsrett og fysisk overføring av objekt? Korleis skal eventuell overføring gjennomførast.

Publisert 10. okt. 2023 14:32 - Sist endra 10. okt. 2023 16:18