3D-skanning av vikingskipa

Mange av de eineståande gjenstandane frå Oseberggrava blir brote ned innanfrå. Årsaka til dette er konserveringsmetodane ein brukte for 100 år sidan. Det var ikkje alle gjenstandane i Osebergfunnet som blei alunkonservert. Osebergskipet er eit eksempel på det, men skipet har andre utfordringar når det gjeld konservering.

Vikingskipa er ein heilt unik del av kulturarven, derfor er det viktig å ta vare på dei for framtidige generasjonar. Eitt trinn på vegen er 3D-skanning av skipa som blir gjort nå.

Dette er viktig fordi:

  • 3D-skanningane fungerer som digital sikring av gjenstanden og den informasjonen gjenstanden gjev oss.
  • 3D-dokumentasjonen gjer det mogeleg å følgje endringar i ein gjenstands tilstand over tid, som for eksempel Osebergskipet. Denne informasjonen er til stor hjelp ved konstruksjon av betre støtter til skipet.
  • 3D-dokumentasjonen er nyttig for å finne nye konserveringsmetodar til gjenstandane. Det er lett å samanlikne 3D-skann før og etter behandling ved testing av metodar.
  • Det gjer Osebergfunnet tilgjengeleg med 3D-presentasjonar på nett og gjer det enklare å konstruere kopiar.
  • 3D-skanningane gjer det mogeleg for publikum å sjå fleire detaljar ved gjenstandane.

Les meir om dokumentasjon

Publisert 4. des. 2013 09:53 - Sist endra 15. mai 2024 13:27