Dokumentasjon

Publisert 4. des. 2013 09:53

Mange av de eineståande gjenstandane frå Oseberggrava blir brote ned innanfrå. Årsaka til dette er konserveringsmetodane ein brukte for 100 år sidan. Det var ikkje alle gjenstandane i Osebergfunnet som blei alunkonservert. Osebergskipet er eit eksempel på det, men skipet har andre utfordringar når det gjeld konservering.

Publisert 12. nov. 2012 17:59

Allereie i 1906 starta arkeologen Gabriel Gustafson, som leia Osebergutgravinga, opp arbeidet med å få kopiert ein del av dei fint utskorne gjenstandane frå Osebergfunnet. Føremålet var å lage sikringskopiar i tilfelle noko skulle hende med originalane.

Publisert 31. okt. 2012 10:00

Den eksisterande dokumentasjonen av Osebergfunnet består i hovudsak av foto, skisser og teikningar frå utgravinga i 1904 og det fyrste rekonstruksjons- og konserveringsarbeidet som stort sett blei gjort på fyrste halvdel av 1900-talet. Mange gjenstandar er berre dokumentert gjennom skildringar i katalogteksten. No blir dei alunkonserverte gjenstandane dokumentert på nytt.

Publisert 4. apr. 2013 09:03

Desse 3D pdf-ane er laga på grunnlag av nøyaktig 3D-skanning av gjenstandar frå Oseberg. Ein kan snu og dreie på gjenstanden slik at ein kan sjå den frå alle sider. 3D pdf-ane er tilgjengeleg i ein stor og ein liten versjon, og kan ikkje opnast i nettbrett og mobil.

Publisert 31. okt. 2012 11:27

Då Oseberggrava blei opna i 1904, viste det seg at den inneheldt både mykje rik treskurd og mange unike bruksgjenstandar, som knapt er kjent frå noko anna funn frå vikingtida, slik som møblar, reiskapar og skipsutrusting. 200 av desse gjenstandane blei konservert med alun, og desse er i dag i dårleg stand.