'Utmarksriket' – Jern, brynestein og andre fundamentale faktorar i norsk mellomalder

Lunsjforedrag med Kjetil Loftsgarden

Bildet kan inneholde: sky, himmel, anlegg, plantesamfunn, tre.

Brynesteinsbrot i Eidsborg. Foto: Scanout/Yngve Ask.

Kva hadde den veksande norske konge- og kyrkemakta vore utan ein stabil tilgang på heimleg jern? Eller den like viktige brynesteinen, for å halde våpen og reiskapar skarpe? I vikingtid og fram til 1300-talet forsynte spesialiserte bønder i fjell- og dalbygdene resten av landet med jern, til våpen, reiskapar, naglar til skip og bygg. Jern var sannsynlegvis også ein maktpolitisk faktor, og kan moglegvis vere med å forklare dei jernfattige danskane sin interesse i Viken-området.

Utmarksressursar, som jern og brynestein, utgjorde produkt og handelsvarer som var av særs stor betydning og omfang, men som har vore underkommunisert i historia om Noreg.

 

Arrangør

Collegium Medievale
Publisert 5. feb. 2024 10:23 - Sist endret 16. mars 2024 11:46