Den dedikerte Dedekam og Osebergtekstilene

I arkivbloggen kjem vi stadig tilbake til Osebergfunnet, og det er mykje interessant å presentere frå dette funnet og det etterarbeide som har vorte gjort. Det var den dedikerte kunsthistorikaren Hans Ellefsen Dedekam som overtok handsaminga og gjorde dei omfattande forstudia av osebergtekstilene i 1916 etter at Gabriel Gustafson døyde i 1915.

Hans Dedekam sine notater og skisser om eit tekstilfragment med spiralar. Som vi kan sjå av teikninga nedst til venstre har han også vore oppteken av korleis tekstilfragmenta såg ut på vranga. Foto: Kulturhistorisk museum, UiO / Hilde Sofie Frydenberg

 

Portrett av Hans Dedekam. Ukjent fotograf, Oslo Museum

Det er verkeleg eit omfattande og imponerande stykke arbeide Dedekam la ned i sine forstudiar frå 1916 og fram til sin død i 1928. I same periode, frå 1919, vert Dedekam også direktør for Kunstindustrimuseet i Kristiania.

I Kulturhistorisk museum sitt arkiv ligg Dedekams skisser og notater om dei ulike tekstilfragmenta. Dedekam fikk aldri sjølv anledning til å ferdigstille og publisere boka om Osebergtekstilane, men vi veit at etterfølgjarane brukte hans forarbeid, blant anna fordi nokre av hans notater og skisser har blitt funne blant deira papir i arkivet. 

Bileta i galleriet nedanfor viser sirlige mapper for det enkelte tekstilfragment med Dedekams notater og skisser. I nokre mapper ligg også større illustrasjonar teikna av Sofie Kraft.

 

 

galleri
Emneord: Hans Ellefsen Dedekam, Oseberg, Osebergfunnet, Osebergtekstilene, Kunstindustrimuseet
Publisert 7. juli 2016 08:23 - Sist endra 9. sep. 2020 10:04